Rute på Bar(t) knust i uvêret
Bildeserie frå Os hamn og Bar(t): Sjøsprøyten skvetter inn i lokalet.
Bildeserie:
I kveld kom restane av den tropiske stormen «Helene» til Vestlandet.
På Halhjem er fleire avgangar kansellerte, i Os hamn fekk Peppes sin bar Bar(t) gjennomgå.
– Vi hadde stabla vekk utemøblane, men det var ikkje godt nok. Eg har aldri sett bølgene så høge før, seier dagleg leiar på Peppes Os, Anita Totland.
Bølgjene slengte ein benk rett i vindauget så ruta knuste.
– Peppes er framleis open, men vi hadde dekka til 28 personar her inne. Heldigvis var det eit selskap som hadde booka feil, dei skulle på Peppes i Trondheim, seier Totland og ler.
Politi og brannvesen er på plassen og hjelper til med å flytta møblar innandørs og utandørs, og fjerna vatnet som har kome inn.
Det var full flo klokka 19.38 i kveld.
– Har de fått andre meldingar i samband med den kraftige vinden?
– Nei, ikkje anna enn at ein båt innanfor moloen på Steinneset hadde problem, men det skal visst eigar ha tatt hand om, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.
Vindstyrken skal vera på sitt sterkaste frå klokka 21 til midnatt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.