Lokal | 07. des. 2019

Ruteknusing på klubbhus

Politiet ber om tips etter gjentakande problem.

Ruteknusing på klubbhus
Ein gong mellom onsdag og fredag har ei rute blitt knust på klubblokalet i Kolskogheiane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. des. 2019 08:27

Os MC og MX klubb har blitt utsett for hærverk.

– Ei rute er knust i klobblokalet deira ved banen i Kolskogheiane, fortel politioverbetjent Christine J. Grindstein.

Ingenting er sakna frå lokalet, men dette er andre gong på kort tid at klubben er utsett for hærverk.

– Vi har oppretta sak og søkt etter spor. Om publikum har tips eller observasjonar som kan vera relevant, ber vi dei ta kontakt.

Det er perioden onsdag 4. til fredag 6. desember som er interessant.

Frå natt til laurdag har politiet få innslag i loggen. Dei gjennomførte ein trafikkontroll på Lyseklostervegen klokka 00.30 med fokus på rus. Åtte bilførarar blei kontrollerte, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.