Kultur | 09. feb. 2012

Rutinert platedebutant

Aasmund Brekke (45) er godt skulert innan musikk. No er han klar med debutplata, basert på innspeling som starta i Brasil i 2004.

Rutinert platedebutant
Aasmund Brekke. CD-coveret innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. feb. 2012 10:53

Osingen og organisten Aasmund Brekke har ofte vore å sjå og høyra på ulike scenar i og rundt Os dei siste åra, med band som Alvorada, Washamba, Mobley Dicks eller Jørn Flugs Orkester.

Men jazzmusikaren venta til slutten på 2011 med å gje ut si første plate.

– Eg starta innspelinga i Brasil i juni 2004, med to brasilianske musikarar. Men så ville eg legga på akustisk piano, i staden for elektronisk, i tillegg ville eg ha med fleire instrument. Som småbarnsfar i full jobb tok det si tid å få ferdig, seier Aasmund med eit smil.

Sleppefest i Oseana

Plata blei lansert før jul, på intern sleppefest med venar og familie, drygt 100 publikummarar, i musikkrommet på Kuventræ skule. Fredag held Aasmund, saman med musikkvenar, plateslepp for debutalbumet XYZ i Griegsamlinga i Oseana.

– XYZ er 13 låtar med jazz, inspirert av samba, bossanova og andre brasilianske rytmar, seier debutanten, som fyller 46 år denne månaden.

Bass og trommer blei spelt inn i Brasil i 2004. Resten er spelt inn i perioden 2009-2011, dei siste opptaka blei gjort i fjor haust, der fleire er involverte; to saksofonistar, trompet, munnspel, gitar og to perkusjonistar.

Polen litt lik Brasil

Etter musikaske ungdomsår i kyrkjelyden i Os gjekk Aasmund på Os Gymnas før det blei musikkrelatert skulegang. Først på Rønningen folkehøgskule, så med musikk som grunnfag på lærarhøgskulen i Bergen på slutten av 80-talet.

– Då eg gjekk på folkehøgskule hadde vi ein studietur til Polen og medan eg gjekk på skule i Bergen blei eg kjent med nokre polakkar. Eg blei nysgjerrig på landet og folket og tok eit år i Polen der eg studerte polsk språk og kultur, fortel Brekke.

I Polen fekk han seg også litt musikkundervisning av ein amerikansk jazzmusikar.

– Han lærte meg mykje om improvisasjon, der det er ein del akkordprogresjonar som går igjen, og fordelen av å kunna spela desse i alle toneartar. Det er snakk om hard øving, men gjev deg som musikar eit veldig godt grunnlag.

Sjølv om cd-en XYZ i hovudsak er inspirert av brasilianske rytmar fortel Brekke om rikeleg med musikalsk inspirasjon frå polsk jazz.

– Aust-Europa høyres for nordmenn kanskje ikkje så lystig ut, men eg ser fleire likhetstrekk mellom polsk og brasiliansk enn norsk og brasiliansk måte å vera på. Det går igjen i musikken.

Gifta seg i Brasil

Heime i Noreg etter Polen-turen blei det jobb som lærarvikar og litt pedagogikk-studie på osingen, som då var i midten av 20-åra. Men så lokka Brasil.

– Eg reiste nokre turar, kvar av dei på nokre månadar, til Brasil for å oppleva musikken og folket. Imellom turane var det heime og jobba seg opp pengar til neste tur. Det blei også tid til musikkstudier Trondheim eit halvt år, ei veldig gjevande tid. Men etter nokre turar til Brasil fekk eg tilbod om eit to år langt engasjement for Det Norske Misjonsselskapet i Brasil, og takka ja.

Jobben for Det Norske Misjonsselskap var som norsklærar for borna til dei andre misjonærane, men sidan det var ganske få elevar, innebar jobben i tillegg musikkundervisning og ymse musikalsk medverknad i den brasilianske lutherske kyrkjelyden på staden der han budde.

Brekke jobba på to skular. Den eine skulen låg 90 mil frå den andre.

– 16-17 timar på buss blir sett på som ei middels lang reise i Brasil, ler Aasmund.

I den brasilianske lutherske kyrkjelyden møtte han Analice Alves, som jobba som rektor ved ein skule i området. Dei to gifta seg og flytta til Noreg saman i romjula 1997.

2 x retur

Aasmund og Analice fekk to ungar etter at dei kom til Noreg, Kristoffer og Kristin. Kristin var berre to månadar gamal då turen i 2000 gjekk tilbake til Brasil.

– Heime i Noreg fekk eg tatt hovudfag i musikk ved Universitetet i Oslo. Så fekk vi jobb for NMS innan musikkundervisning og menighetsbygging i Brasil, og blei i Brasil til seinsommaren 2004.

Før jul i fjor reiste Analice og ungane tilbake til Brasil. Om ein liten månad følgjer Aasmund etter.

– Analice har mykje familie i Brasil. Dessutan vil vi at ungane skal bli godt kjent med sitt andre heimland og språk, så då passa det fint med retur i den alderen dei er i no.

I første omgang har Aasmund tatt permisjon i eitt år frå jobben som organist i Foldnes kyrkje i Fjell kommune.

Rytmisk avskjed

Festen på Kuventræ skule var både sleppefest for plata og avskjedsfest med venar og familie før Analice og ungane flytta til Brasil.

I morgon er det ny fest, då er det ope for alle, og mest plata XYZ det handlar om.

– Eg håper det blir ein folksam og stemningsfull sleppefest, seier Aasmund, som følgjer opp med konsert i Foldnes kyrkje laurdag.

Konserten i Oseana fredag startar klokka 20 og varer i ein dryg time.

Med seg har Aasmund Morten Færestrand (gitar), Frøydis Grorud (sax/fløyte), Ole Marius Sandberg (bass) og Stein Inge Brækhus (trommer).

Går du glipp av konserten blir plata selt på Libris og Playcom, i tillegg til ulike platebutikkar i Bergen og Oslo - og på internett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.