13 meter breie MS Sveasund kom seg mellom bølgedemparane for å levera byggesettet «Borgabuo». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
13 meter breie MS Sveasund kom seg mellom bølgedemparane for å levera byggesettet «Borgabuo». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ruvande skute leverte hytta til Borgafjellet

I går landa byggesetta til dei to dagsturhyttene til Bjørnafjorden kommune.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. oktober 2020 - 9:38

Realiseringa av dei to dagsturhyttene Bjørnafjorden kommune vil reisa på Borgafjellet og Vetlevardhaugen (nær Eikelandsosen) går som planlagt.

Måndag kveld kom MS Sveasund inn i Os hamn med byggesett om bord. Båten er 62 meter lang og 13 meter brei, litt kortare og litt breiare enn MS Nyfjell (67x11,7 meter), som ofte leverer sand til Brødrene Borgen.

Les òg: Er opninga mellom bølgedemparane stor nok?

– Vi har nyleg montert i Austrheim, Masfjorden og Fedje. No har Svesaund levert på Fusa-sida ført og går vidare til Bømlo etter Os, fortel Dag Eivind Hagesæter.

Han er innleigd montør frå hytteprodusent Stad Kystbygg.

Montør Dag Eivind og Tom Leonsen frå kultureininga tok imot byggesettet måndag kveld. (Foto: KVB)
Montør Dag Eivind og Tom Leonsen frå kultureininga tok imot byggesettet måndag kveld. (Foto: KVB)

Hytta som skal til Borgafjellet blir no mellomlagra på Brandsneset ved Ulvenskiftet. Tom Leonsen seier det vil gå eit par veker før hyttene er klare for bruk.

Til helga blir det helikopterløft til den sentrumsnære 353 meter høge toppen.

– Vi får alle tre hyttene på plass i helga. Hyttene blir sett saman så dei er tette med det same, så tar vi ferdigstilling i dagane som kjem.

Hagesæter bora sjølv ned søyleskoa på Borgafjellet måndag.

– Vi blir 4-5 mann i sving når alt blir løfta på plass, elles er vi to på ferdigmontering, seier Dag Eivind, og legg til at han veit om éi som gler seg.

– Eg har slekt i Os, søstera mi Victoria Askvik legg stadig ut bilde frå Borgafjellet i sosiale media. No kan ho sitja under tak og eta nista si.

Rask leveranse i Os hamn i går. (Foto: Tom Leonsen)
Rask leveranse i Os hamn i går. (Foto: Tom Leonsen)

 

Eit eventyr som starta i Sogn

Prosjektet «Dagsturhytta» kom etter eit initiativ i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. Alle dei 26 kommunane var med, og fekk kvar si dagsturhytte.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar. Dei er opne for alle - døgnet rundt, som ein stad å eta nista si i le for nedbør og vind.

I 2019 løyvde fylkeskommunen pengar til 31 dagsturhytter i fylket. Bjørnafjorden kommune fekk to.

Sånn ser dagsturhyttene ut. Her er Nykshytta på Askvoll. (Foto: Magnar Egil Gansø, Vestland fylke)
Sånn ser dagsturhyttene ut. Her er Nykshytta på Askvoll. (Foto: Magnar Egil Gansø, Vestland fylke)

 

Les meir om

Eigedom Kultur