Sport | 17. feb. 2010

Ryddar banane

Nokre rydda tidleg, andre har venta på verre vêr. Men no er det snart duka for trening på alle banane i Os.

Ryddar banane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. feb. 2010 18:03

Bildeserie:

1 av 6

Medan snørekordar i desse dagar står for fall kryp datoen for seriestart seg stadig nærmare. Fleire og fleire har forstått at snøen ikkje ser ut til å forsvinna med det første. I alle fall ikkje av seg sjølv.

- Vi har venta med å rydda snø på den nye kunstgrasbanen, både fordi den er ny og fordi vi har unge lag som trenar inne og derfor grei nok kapasitet med éin bane i starten på vinteren, seier leiar i fotballgruppa i Os Turn, Terje Hjertnes.

- Men i førre veke fekk vi den nye traktoren, og med spesialtilpassa brøyteskjer og snøfresar på lån var det no på tide å fjerna dei 30-40 centimeterane med pakka snø som låg på den nye kunstgrasbanen.

Sommartraktor til vinterbruk
Den nye investeringa til Os Turn kom ikkje ramlande inn i budsjettet saman med snøen.

- Med investeringar i nytt anlegg følgjer investeringar i betre utstyr til vedlikehald. Traktoren var bestilt i sommar og erstattar to traktorar med mindre kapasitet, fortel Hjertnes.

Lånte snøfres
Med på kjøpet følgjer eit skjer spesialtilpassa til kunstgrasbanar.

- Traktoren kjem i hovudsak til å bli brukt sommarhalvåret, men med dei snømengdene som ligg på den nye kunstgrasbanen passa det godt å ta den i bruk no.

- Snøfresaren prøvde vi å få mot dei to gamle traktorane i innbyte, men det fekk vi ikkje til. Så no vil vi selja dei og sjå om ikkje summen blir slik at den langt på veg dekkar kjøp av fresen vi førebels har lånt.

Onsdag tok Midtsiden ein runde til alle kunstgrasbanane i Os. På bilda under kan du sjå korleis treningsforholda er på Søfteland, Lysekloster, Søre Neset og Nore Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.