Sport | 15. apr. 2015

Ryddar plass til Os - Brann

Fotball-NM: Både Lysekloster-Sogndal og Os-Brann blir spelt på Kuventræ. Kor mange blir det plass til og kor tid startar billettsalet?

Ryddar plass til Os - Brann
Dagleg leiar Hans Parnefält må ny rydda skog for at flest mogleg skal kunna sjå Os - Brann på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. apr. 2015 12:42

Bildeserie:

Os Fotball sin tribune har neppe plass til alle som vil sjå NM-kampen.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os Fotball sin tribune har neppe plass til alle som vil sjå NM-kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Både sandvolleyballbanen og skogen bak kortsida blir publikumsområde.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Både sandvolleyballbanen og skogen bak kortsida blir publikumsområde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På kortsida til venstre på bildet blir det bygd bortetribune.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På kortsida til venstre på bildet blir det bygd bortetribune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den gamle grasbanen er i ferd med å bli kunstgrasbane.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den gamle grasbanen er i ferd med å bli kunstgrasbane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cupkampen mot Brann i 1974 lokka heile 9.000 til Kuventræ. (Foto: Os Turn)
Cupkampen mot Brann i 1974 lokka heile 9.000 til Kuventræ. (Foto: Os Turn)
Os - Vålerenga i 2004 hadde over 3000 publikummarar.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os - Vålerenga i 2004 hadde over 3000 publikummarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laget som i 2004 leia 1-0 og 2-1 over Vålerenga.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laget som i 2004 leia 1-0 og 2-1 over Vålerenga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

Fredag 10. april blei det klart, 3. divisjonsklubbane i Os kommune, Os og Lysekloster, får attraktiv motstand frå 1. divisjon i første NM-runde:

Onsdag 22. april kl 18.00: Lysekloster - Sogndal
Torsdag 23. april kl 18.00: Os - Brann

Lysekloster IL er for tida utan bane, då dei held på å utvida banen og legga nytt dekke.

Det er nyleg bestemt at også Lysekloster - Sogndal blir spelt på Kuventræ.

– Vi tar ein venskapeleg pris på baneleige. Lysekloster IL styrer med billettsalet og stiller med bemanning, og så deler vi på gjennomføringa og overskot frå kiosksalet, fortel dagleg leiar i Os Turn Hans Parnefält, som i skrivande stund sit i møte med Lysekloster IL.

Os Turn og Os Fotball jobbar no for fullt med den praktiske førebuinga.

– Den største utfordringa er publikumskapasiteten. Vi er også opptatt av at det skal bli ryddige former, at ikkje det står store folkemengder rundt Kuventræ som ikkje får sjå kampen.

Alle billettane blir selt på førehand

Jubelen sto i taket i klubbhuset på Kuventræ då det blei kjent at Os, for første gong sidan 1974 (ikkje 1963, som Midtsiden først skreiv), får cupkamp mot Brann.

– Samtidig forsto vi at no blir det jobb frå morgon til kveld. Kvar dag får vi telefonar, epostar og folk på besøk som vil ha billettar.

– Det var 9000 tilskodarar då vi tok imot Brann i 1974. Vi tapte dessverre 0-3, fortel Arne Hitland, som den gong trente Os saman med Erik Just Olsen. Det var dette året Os rykte opp frå nest høgaste nivå til det som i dag blir kalla Tippeligaen.

Sist Os spelte NM mot ein tilsvarande stor klubb var i 2004. 3000-4000 såg Os leia to gongar over Vålerenga (mål av Tim Henrik Sperrevik og Roar Hjelle).

– Kapasiteten på den nye banen, med berre éi langside for publikum, er trass noko utvida kapasitet på kortsidene berre rett over 2000. For å unngå at det står over 1000 skuffa gjestar som ikkje kjem inn tar vi alt billettsal på førehand.

Billettsalet startar måndag 20. april klokka 9 i klubbhuset og klokka 10 på MX Sport på AMFI Os. Det blir ikkje selt billettar på nett.

Billettane kjem til å kosta 100 kroner, med same pris for barn og vaksen.Det blir selt maks fem billettar per person.

Midtsiden kjem tilbake med informasjon om Lysekloster-Sogndal når dette er klart.

Auka kapasitet og eigen «bortetribune»

Bak kortsida sør mot Ulvenvatnet skal det leggast til rette for bortepublikummet. Her blir det kapasitet på 600 gjestar.

– Det blir 600 billettar til «bortetribunen». Desse blir sendt til Bergen for dei er det SK Brann som skal selja på Stadion og i Brann-butikken.

– Osingar kan kjøpa, men då må dei til by'n, og dei må stå saman med Brann-fansen.

Bak den andre kortsida, mot Kuventræ skule, blir det også selt billettar.

– No skal vi hogga trea i det vesle skogholtet. Det blir også selt billettar på sandvolleyballbanen, som enkelte elles i året brukar for å spara 80 kroner eller for å stå i sola.

– Vi flyttar nokre av reklameskilta sånn at det blir lettare å sjå banen.

Reknar med 1000 onsdag og fullt hus torsdag

– Vi reknar med at det kjem minst 1000 for å sjå Lysekloster - Sogndal og at interessa for å sjå Os - Brann dagen etter er så stor at ikkje vi får plass til alle.

– Her må ein vera om seg, og dei som ikkje får tak i billett må dessverre nøya seg med å sjå den på TV.

Os Fotball har no også fullt opp med å auka kiosk-kapasiteten, bestilla fleire toalett og å legga til rette for TV og anna presse.

– Det blir bygd TV-tårn på langsida ved innbytarbenkane sånn at vi får tribunen og mesteparten av publikum på TV-skjermen. Det er travle tider, men ikkje verre enn at vi konstant går og gler oss til kamp, seier Hans Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.