Lokal | 05. juni 2017

Rykande fersk sjåfør mistenkt for køyring i rus

Han fylte 18 i år. No blir han truleg fotgjengar i minst to år.

Rykande fersk sjåfør mistenkt for køyring i rus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. juni 2017 07:37

Klokka 02.28 natt til søndag blei ein bilførar stoppa av politiet på Byvegen.

– Han er mistenkt for køyring i rus og det blei tatt beslag i førarkortet, fortel operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Førar fylte 18 år i år, så det var eit ferskt førarkort politiet tok beslag i.

Mopedist utan mørkekøyring

Søndag på dagtid, i 15-tida, blei ein gut på moped stoppa av politiet på Skeie.

Mopedisten, som fyller 19 år i år, hadde førarkort, men dette var ikkje gyldig lenger.

– Han hadde ikkje tatt mørkekøyring og er meldt for køyring utan gyldig førarkort, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.