Politi | 17. apr. 2024

Rykte ut på melding om militær aktivitet

Kom fram til ... militær aktivitet.

Rykte ut på melding om militær aktivitet
Politi og ambulanse rykte ut til Halhjem i går. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. apr. 2024 07:16

Tysdag i 14.20-tida fekk Midtsiden tips om politi, ambulanse og militært personell i aktivitet på Halhjem ferjekai.

I dag fortel politioverbetjent Atle Birkeland om årsaka.

– Vi fekk melding om militær aktivitet. Det viste seg å vera Heimevernet på øving.

HV skal ha meldt inn øvinga på førehand, men det visste ikkje meldar, og hindra tydelegvis ikkje patruljen frå å køyra ut for å sjekka.

Utanom dette har politiet éin ting å melda frå i går; avskilting av ein bil som sto parkert i Os sentrum.

Årsaka var manglande forsikring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.