Lokal | 19. juli 2019

Rykte ut på melding om «mistenkeleg gjeng i bil»

Såg etter ungdomar i Industrivegen i 4-tida i natt.

Rykte ut på melding om «mistenkeleg gjeng i bil»
Industrivegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juli 2019 09:38

Klokka 03.44 fekk politiet melding om noko eit vitne skildrar som mistenkeleg åtferd.

– Ein bil som kom i høg fart svingte av og stoppa i Industrivegen. Fire personar, som såg ut til å vera ungdomar, gjekk ut av bilen ved nokre kontorbygg.

– Meldar synest det såg mistenkeleg ut, og frykta at dei hadde uærleg ærend, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

Ein patrulje blei sendt til Industrivegen, men då var bil og folk vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.