Lokal | 31. des. 2019

Rykte ut til bål i Øyane

To brannbilar køyrde til Øyane med blålys, men fekk ikkje noko å sløkka.

Rykte ut til bål i Øyane
To bilar rykte ut til eit bål i Øyane på ettermiddag nyttårsaftan. No er dei med andre ord ferdig med oppvarminga til eventuelle andre oppdrag når fyrverkeriet går i lufta. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. des. 2019 14:53

Tysdag i 15-tida rykte Os brannvesen ut til Søre Øyane.

– Vi fekk melding om mykje svart røyk frå eit bål, fortel varabrannsjef Erik Walden.

– Mannskapen har foreløpig ikkje kome tilbake, men bålet skal ha vore nærmast utbrent. Eg reknar med at dei sjekkar om det berre er hageavfall som er brent, og ikkje noko ulovleg.

Ifølgje eit vitne Midtsiden har vore i dialog med skal bålet ha vore på trygg avstand frå både buskar og bygningar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.