Lokal | 08. mars 2021

Rykte ut til ei handfull festar

Støy var einaste problem.

Rykte ut til ei handfull festar
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. mars 2021 09:28

Bjørnafjorden lensmannskontor har hatt ei roleg avslutting på vinterferien, når det kjem til oppdrag ute i felten.

– Vi fekk nokre klagar på støy frå fest, både natt til laurdag og natt til søndag. Det er omtrent einaste innslag i loggen frå helga, seier politioverbetjent Christine Grindstein.

Til saman er det snakk om ei handfull, og ingen av dei festlege laga var med for mange deltakarar, slik blant anna politiet i Bergen og Oslo har meldt om denne helga.

– Støy var problemet, og alle retta seg etter pålegg om å dempa musikken.

Anbefalinga i nasjonale smitteverntiltak er maks fem gjestar, men om gjestane kjem frå same husstand kan du ha fleire.

Reglane for private arrangement i leigd lokale er maks 10 personar samla, eller 20 utandørs, med mindre alle sit på fast (ikkje nødvendigvis fastmontert) plass. Då kan du ha 100 i hus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.