Lokal | 28. sep. 2020

Rykte ut til Samnangerfjorden etter funn av vrakgods

Ingen var om bord då skøyta gjekk ned.

Rykte ut til Samnangerfjorden etter funn av vrakgods
Starten på Samnangerfjorden. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. sep. 2020 08:11

Både politi, helse, Redningsselskapet og Kystvakten blei kopla inn då folk i friluftsområdet i Rolvsvåg i 11.30-tida observerte vrakgods som såg ut til å stamma frå ein båt.

– Det blei etterkvart funne ei skøyte som hadde gått ned mens den låg til kai, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Etter ei stund fann politiet ut kven som eig båten, og fekk kontakt med vedkomande.

– Ingen skal ha vore om bord då båten gjekk ned, men det var ein del oljesøl som brannvesenet tok seg av.

– Det blir no vurdert om det skal koma ein reaksjon ovanfor båteigar, i samband med aksjonen som blei sett i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.