Lokal | 23. jan. 2013

Rykte ut til svidd gummi

Brannvesen, politi og ambulanse stilte mannsterke på Amfisenteret onsdag kveld.

Rykte ut til svidd gummi
(Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. jan. 2013 20:06

Melding om røykutvikling i garasjeanlegget under AMFI Os fekk både brannvesen, politi og ambulanse til å rykka ut onsdag kveld.

Vel framme viste det seg at det ikkje var snakk om brann eller branntillaup.

– Det er svidd gummi så her har det nok vore ein bilist eller fleire å leika seg, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Brannvesenet sette på vifte for å få røyken ut av garasjen.

Politibetjent Thorvald August Bye seier politiet ikkje har spor i saka, andre enn dei som eventuelt er i kjellaren.

– Men vi er naturlegvis interessert i tips om nokon veit kven dette er eller kva bil vedkomande kjører.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.