Lokal | 19. juni 2020

Rykte ut til ungdomsfest i Ervikane

Det meste gjekk fint for seg, men éi måtte hentast.

Rykte ut til ungdomsfest i Ervikane
Ervikane. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juni 2020 07:29

Torsdag kveld i 21.15-tida rykte legevakt og politi ut til friluftsområdet Ervikane.

– Vi fekk melding om ein del mindreårige som drakk alkohol, og at ei ung jente var dårleg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Jenta blei sjekka av lege og henta av foreldre.

Politiet har inntrykk av at resten av kvelden gjekk fint for seg, og fann ikkje noko anna å reagera på.

– Det skal ha vore tiandeklassingar som tok seg ei uoffisiell avslutting på grunnskulen, slik dei har gjort dei siste åra.

– Det var ikkje russ eller annan ungdom på staden, og patruljen har inntrykk av at ungdomen hadde det fint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.