Sport | 25. mai 2009

Så beit auren!

Sidan det var mykje vaking og stigande sjø blei fiskarane ståande utover sundagskvelden. Det lønte seg.

Så beit auren!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 25. mai 2009 09:17

Bildeserie:

1 av 4

- Stian blei heilt vill då eg fekk den første auren, ein fin matfisk på rundt 400 gram, seier Anders Størksen.

Dei to hadde stått ei stund, men Stians nebbsild var det einaste dei hadde fått på land. Så kom bror til Anders, Per Egil, og fiskelukka snudde.

- Så fekk Stian ein på oppunder kiloet, og då kunne ikkje eg gje meg. Eg plar få den største fisken, forklarar Anders.

Kort tid seinare kunne hobbyfiskarane rapportera om tre sjøaure frå Mobergsvikjo.

- Dette var veldig kjekt, aure er fantastisk spennande å få på kroken!

Kva krok dei fiska med vil dei ikkje ut med. I tillegg til tre aure og ei nebbsild (horngjel) fekk dei ein makrell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.