Lokal | 16. sep. 2013

– Så godt å sjå deg!

Video: Måndag inviterte Os kommune til konferansen "Trygg i Os - Livsglede i alderdomen" med underhaldning og refleksjonar omkring livsglede.

Andris Hamremandag 16. sep. 2013 14:37

For eitt år sidan inviterte Os kommune til konferansen "Trygg i Os" for første gong. Målgruppa for konferansen er eldre heimebuande personer, kor ein håpar på å formidla dei kommunale tenestene og aktiviteter som kan vera med på å skapa tryggleik hjå kvar enkelt.

Då konferansen skulle arrangerast for andre gong i år, la ein til eitt aspekt til kring tryggleik, nemleg livsglede.

Omlag 280 frammøte kom til dekka bord og underhaldning frå scene med Os mannskor, Jimmy Øvredal og Helge Jordal.

Om å sjå kvarandre

I tillegg var prest Per Fimreite invitert til å reflektera over livsglede.

– Vi skal liksom ikkje vera noko, vi skal vera så beskjedne og forsiktige med å visa glede og at vi betyr noko, reflekterte Fimreite, som fortalde historia om då han sjølv mangla 20 kroner i kassakøen og ikkje ville ta imot pengane frå ei kvinne lengre bak i køen.

– Då eg omsider gjorde det, fekk eg ein god klem av kvinna.

– For ho betydde det mykje at eg tok i mot hjelpa og såg ho. Ho blei like takksam som meg.

– Den største tjuven vi har no i høve det å ikkje sjå kvarandre er truleg mobiltelefonen, for kva skjer om du står og pratar med nokon og den gjev lyd frå seg, både påpeika og undra Fimreite.

Alle kan gjera noko

Ordførar Terje Søviknes (Frp) fekk gleda av å opne konferansa.

– Alle kan gjera noko. Det treng ikkje vera så mykje, men alle kan bidra til å skapa livsglede.

– Eit ekstra smil kan vera nok, helsa ordføraren.

Om å bli sett og å meistra

Skodespelar Helge Jordal avslutta konferansen med å gje eit utdrag frå framsyninga "Førstereis" som handlar om ein ung gut som rømde frå guteheimen på Garnes og til sjøs.

Ei sterk, varm og humoristisk framsyning om det å gå frå å vera usynleg og misbrukt til å meistre å bli sett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.