Lokal | 26. juni 2020

Sa ja til innandørs skianlegg (!) i Lyseparken

Vil skapa eit trekkplaster for turistar og innbyggarar i bergensområdet.

Sa ja til innandørs skianlegg (!) i Lyseparken
Om 2-3 år kan du kanskje stå på snowboard i heimbygda - året rundt. (Ill.bilde frå Eikedalen, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. juni 2020 08:06

I dagens møte i plan- og bygningsutvalet blir ikkje berre arealplanen diskutert, men innspel til idrett.

Eit prosjekt som tidlegare har blitt presentert for politikarane bak lukka dører, krev omregulering av delar av Lyseparken, og saka er no offentleg.

«19. januar 1918 ble det satt snørekord i Bergen - i januar 2022 skal vi sette en ny» lyder det i starten på presentasjonen.

Frå presentasjonen. Får BRE det som dei vil, får Lyseparken ein heilårs skibakke.
Frå presentasjonen. Får BRE det som dei vil, får Lyseparken ein heilårs skibakke.

BRE vil bygga Vestlandets første innandørs snøpark med tilhøyrande aktivitetssenter for klatring, sykling, skating og trampoline.

Kvifor i Lyseparken?

Initiativtakarane ramsar opp fleire årsaker:

  • Fordi Lyseparken er et nytt, spennende og regulert næringsområde like ved Norges nest største by.
  • Fordi Lyseparken har god infrastruktur – med nærhet til vei, Bybanen og annen kollektivtransport.
  • Fordi Lyseparken er lett tilgjengelig – både for de 400.000 innbyggerne i Bergensregionen og for de 3 millioner turistene som årlig besøker Bergen og omegn.
  • Fordi Lyseparken har terreng med riktig fall til en innendørs alpinbakke.
  • Fordi Lyseparken har riktig geologi med tanke på temperaturkravene til en innendørs snøpark.
Lyseparken ligg 9 km i tunell frå Fana og Lagunen. (Kommunekart.com)
Lyseparken ligg 9 km i tunell frå Fana og Lagunen. (Kommunekart.com)

Den beste bakken - året rundt

Vidare i sakspapira står det:

Abo Arkitekter har funnet frem til den best egna trase for en skibakke i området rundt Lyseparken. Riktig fall-profil, grunnforhold og naturlig tilknytning til næringsområde medfører minimal inngripen i naturen.

Prosjektet skal ha en miljøvennlig profil med effektive energiløysinger og val av bygningsmaterialer som gjenspeiler fokus på bærekraft og miljø. Koblingen mot Lyseparken er difor viktig.

Området vil vere knytt opp mot framtidig hovedtrase for kollektivt langs E39 og framtidig sykkelnett med kobling mot Lysefjorden, Bergen og Osøyro.

Lyseparken nor og sør merkte med lilla, rett sør for Lauvåsen. (Kommunekart.com)
Lyseparken nor og sør merkte med lilla, rett sør for Lauvåsen. (Kommunekart.com)

BRE opplyser at grunneier er informert om planane og potensiell inngripen tiltaket medfører p�� hans grunn, og er positiv til videre dialog.

Bre vil vere med på å skape et variert og godt aktivitetstilbud i regionen. Planlagte aktiviteter vil vere eit tilbod for alle generasjonar gjennom heile året. Tiltaket vil skape nye arbeidsplasser i Bjørnafjorden, og har også som mål å bygge et kompetansesenter rundt idrettsmedisin og bedriftshelse, jf. vedlagt presentasjon.

Alle sa ja

For å kunna jobba vidare med planane måtte plan- og bygningsutvalet i dag ta stilling til følgjande framlegg frå kommunedirektør Christian F. Fotland:

Plan- og bygningsutvalet tar med innspel på gnr. 10, bnr. 1 og endrar det konkrete arealet til fritids- og turismeformål for etablering av innandørs skibakke.

Det aktuelle området. (Kommunekart.com)
Det aktuelle området. (Kommunekart.com)

Gustav Bahus (Frp) fekk ordet først, og sa han synest dette er ei flott sak som no blir offentleg, og spurde om administrasjonen ville orientera litt om prosjektet, sidan dette er nytt for innbyggarane.

Marie Hauge (MDG) sa at slike anlegg er svært energikrevjande, og at det ikkje er gitt at BRE vil få det til, men at det i så fall kanskje var andre idrettsformål som kunne bruka det bratte området.

Saka blei samrøystes vedtatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.