Lokal | 21. juni 2016

Sa ja til samanslåing

Både fleirtalet i styringsgruppa for kommunereforma i Fusa og formannskapet i Os sa måndag ja til samanslåing.

Sa ja til samanslåing
Magne Djuvik (Frp) og Atle Kvåle (Ap) var to av dei som stemde ja i styringsgruppa for kommunereforma i Fusa (bilete frå forhandlingsmøte: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. juni 2016 07:11

Onsdag skal kommunestyra i både Os og Fusa ta stilling til om dei to kommunane skal slå seg saman. Måndag hadde henhaldsvis styringsgruppa for kommunereforma i Fusa, og formannskapet i Os sine møter.

Ja frå Fusa

I Fusa innstiller styringsgruppa med 7 mot 4 røyster på samanslåing med Os kommune til ein ny Bjørnefjorden kommune.

Styringsgruppa hadde møte i kveld 20. juni og vedtok følgjande innstilling til kommunestyret: "Fusa kommunestyre godkjenner at Fusa kommune slår seg saman med Os kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommune vil vera etablert frå 1. januar 2020.", heiter det på Fusa kommune si heimeside.

Innstillinga vart vedteken røystene frå Atle Kvåle (Ap), Anne-Grethe Gjerdevik (Ap), Hans Ekeberg (Ap), Magne Djuvik (Frp), Gustav Folkestad (V), Svein Lang (Sp) og Roger Hoel (Uavhengig).

Mikal Leigland (Sp) fremja følgjande alternative forslag: "Fusa kommune ved styringsgruppa ser det ikkje formålstenleg å slå seg saman med Os." Dette fekk i tillegg til Leigland si røyst, røystene til Aud May Boge (H), Peter-Hans de Zwarte (Sp) og Bjarte Samnøy (Krf).

Ja frå Os

Eit samrøystes formannskap i Os fatta eit nær likelydande vedtak som Fusa, utan særleg debatt.

Innstillinga frå formannskapet lyder «Os kommunestyre godkjenner at Os kommune slår seg saman med Fusa kommune til Bjørnefjorden kommune. Den nye Bjørnefjorden kommunene vil verte etablert frå 1. januar 2020.».

– Det var jo interessant å merka seg at innstillinga frå rådmannen kom før resultata frå meiningsmålinga var klare, kommenterte Helge Steinum (Ap) som samstundes freista dra opp debatten om kommunen skal heite Bjørnafjorden eller Bjørnefjorden. Steinum var tydeleg på at han ønskja Bjørnafjorden og begrunna det med at det er namnet som kartverket nyttar.

– Den problemstillinga får vi avklara vidare i prosessen. Eg håper vi kan ta den via fellesnemnda og få det fram til politisk vedtak i dei to kommunestyra seinare. No håper eg vi kan ha så likelydande og reine vedtak i båe kommunene. Eg er klar over at det er sterke meininger om a eller e i namnet, svara ordførar Terje Søviknes (frp).

Skrytte av prosessen

Varaordførar Marie Bruarøy (H) nytta formannskapet til sin appell, då ho har meldt forfall til kommunestyremøtet onsdag.

– Dette er den største saka i mi politiske karriere. Det har vore lærerikt og interessant. Eg er glad vi tverrpolitisk skrelte vekk Bergensalternativet så tidleg.

– Eg trur no at ei samanslåing med Fusa kommune kan gje oss nokre moglegheiter. Saman må vi sjå på utviklinga rundt Bjørnafjorden i høve næring, bustader og turisme. Det blir nok nokre diskusjonar og tøffe tak i fellesnemnda, men vi får ta med oss den politiske oppgåva vi har framover og fusjonere lokallaga våre i dei to kommunane til beste for ein ny kommune, påpeika Bruarøy, som fekk støtte av Jon Sivert Rykkel (V) for skryten ho gav til prosessen.

– Eg vil gje skryt til dei politikarane som har sitte i forhandlingsutvalet, til administrasjonen og dei tillitsvalde for måten den har vore køyrd på.

Historisk vedtak

Som eit lite ps. Ordførar Terje Søviknes antyda i formannskapet at vedtaket kan bli historisk på meir enn ein måte.

– I høve debatten onsdag, så får vi sjå korleis vi skal ta avrøystinga. Det er ei moglegheit i kommunelova å ta ei votering med namneopprop kor kvar einskild kommunestyrerepresentant seier ja eller nei. Det blir i såfall historisk. Det har aldri vore gjort før i mi tid, men er ein moglegheit. Det kan vera at det kjem som eit forslag frå underteikna når vi kjem til voteringa, sa Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.