Lokal | 27. jan. 2018

Sa ja til utviding

Hodneland får utvida produksjonslokala på Kloppamyro.

Sa ja til utviding
Ove Frotvedt (Frp) fremja det alternative framlegget om å gje dispensasjon frå reguleringsplanen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. jan. 2018 10:18

Plan- og bygingsutvalet reiste torsdag på synfaring til Hodneland Bygginnredning AS for å sjå kor dei hadde ønskje om å utvida produksjonslokala.

– Vi har funne ei nisje som gjer at vi treng utvida. I motsetning til mange andre i denne bransjen, så er vi i vekst og tilsett nye folk. Seinare i dag kjem ei nyinnkjøpt maskin på 3,5 tonn, fortalde dagleg leiar Egil Hodneland då politikarane kom på besøk.

Sjå på innsio hos Hodneland

Mindre vesentleg endring

Utfordringa med utvidinga var at reguleringsplanen for Kloppamyro-Ådnadalen legg ein restriksjon på 35% BYA i utnyttingsgrad inkludert parkering. Utvidinga vil gjera at utnyttingsgraden blir på 42,68%.

– Det er jo eit spørsmål som kom opp då vi var på synfaringa. Ein kan jo søka om ein mindre vesentleg endring av reguleringsplanen. Kan vi få ein indikasjon på kor lang tid det vil ta og kor mykje det vil kosta, undra Trine Lindborg (Ap).

– Det treng ikkje ta så lang tid, men det spørs kva som kjem av merknader og innspel frå naboar og andre. Forvaltningslovens frister seier at det skal ligga tre veker på høring. Om det ikkje kjem merknader kan vi vedta det administrativt, svara Asle Andås frå planavdelinga.

– Det tek vel eit par månaders tid. Det kjem heilt an på kva tilbakemeldingane er. Kostnaden vil vera 20.500 kroner, supplerte kommunalsjef Aina Tjosås.

Har vore mykje tull før

Terje Sperrevik (TvS) trudde ikkje framdrift og pris hadde så mykje å seie.

– Det er viktig å ta vare på desse arbeidsplassane, men vi må også ta høgde for dei omkringliggande tomtane. Det har vore mykje tull der frå før, så eg kjem til å støtta administrasjonen sitt framlegg om avslag. Eg reknar med at tiltakshavar blir orientert om at dei i staden kan søka om ei mindre endring frå reguleringsplanen i staden.

Sa ja, men skal med i framtidig endring av planen

Ove Frotvedt (Frp) ville i staden gå for det alternative framlegget kor ei sa ja til utvidinga, men samstundes ta med eit punkt om at eigedommen skal takast med i ei eventuell framtidig endring av reguleringsplanen.

– 35% utnytting i eit industriområde er for lågt. Ved å gå på ein disp, så vil det nok ikkje, med den erfaringa vi har med fylkesmannen gå raskare. Ein vil nok truleg få nei frå han fordi det ikkje er forankra i arealplanen, men det kan vera mogleg om vi tek med eit punkt om at det skal takast med i ein framtidig endring av reguleringsplanen, kommenterte Frotvedt.

– Vi går for alternativt framlegg, men tek med at det er positivt for næringsutvikling og arbeidsplassar i kommunen. I tillegg fremjar vi ein protokollmerknad på om det blir omregulering av heile feltet, så skal denne tomta takast med, supplerte Gustav Bahus (Frp).

– Eg følgjer deg ikkje heilt, eg trur at vi alle ønskjer at dei skal få til utbygging der, men det står vitterleg i framlegget at det kan søkast om ei mindre endring. Eg tenkjer at om vi no skal gi ein disp, så kjem det to tomter til som skal på disp. Eg støtter Frotvedt sine tanker. Vi ønskjer dei skal få det til, spørsmålet er kva som er den smartaste måten å gjera det på, kommenterte Trine Lindborg.

Sperrevik held fast på sitt standpunkt.

– Eg støtter administrasjonen. Dei seier dei har ein dialog med utbyggar og at det er ein anna måte å gjera dette på. Då er vi forutsigbare og vi skaper ikkje ein presedens i området, kommenterte Sperrevik før Frp, H og Ap stemte for det alternative framlegget om å gje Hodneland dispensasjon frå reguleringsplanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.