Dan-Jarle Køhler Raustein gjorde unna finalen på null komma niks. (Skjermdump, NBF)

Så lett kan det gjerast!

Kjapp keip: Sjå Dan-Jarle sin finalesiger - og resten av dei gode resultata til Os Håndbakklubb.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I helga var det norgescup i handbak i Lindehuset i Odda. 

Stevnet var årets andre av i alt åtte i 2019. 

Til å dela ut medaljane hadde arrangørane huka inn både ordføraren i Odda - og sjølvaste Lothepus. 

12 metall til Os

For Os Håndbakklubb gjekk det svært bra, 8 deltakarar reiste heim med til saman 12 medaljar, 5 av edlaste sort.

Her er alle resultata: 

Sivert Espetvedt Junior 18år +70kg tok bronse i venstre, og 4. plass i høgre.

Arne Thuen, master -95kg tok bronse i venstre og sølv i høgre.

Are Strønen, master +95kg klinka til med gull i begge armar.

Eivind Bøe Johannessen, -100kg tok bronse i venstre og sølv i høgre.

Frode Veim Haugland, -100kg henta heim gull i begge armar.

Øystein Larsen Brakstad, -70kg tok bronse i venstre og 4. plass høgre.

Lars Holen, master -78kg tok bronse i høgre og 4. plass i venstre.

Dan-Jarle Køhler Raustein, -70kg tok ein lett siger med høgrearmen.

– Dette er vi nøgd med

Gullvinnar i klasse -70 kg, høgre arm, Dan Jarle Køhler Raustein, fortel at finalesigeren hans var av det lette slaget; 

– Eg skal innrømma at den var temmeleg enkel, ja. 

• Sjå Raustein sin lynkjappe finale på Facebook

Ifølgje Raustein måtte Frode Veim Haugland på si side kjempa hardt for sin siger over lagkamerat, Eivind Bøe Johannessen i høgre arm -100 kg. 

– Som klubb er vi godt nøgd med resultata frå helga i Odda, i tillegg til dei gode resultata vann Fode Veim Haugland all-over-konkurransen. 

Neste noregscup er i Jølster 13. april. 

Fleire saker