Næringsliv | 15. juli 2016

Så ville alle til Syden igjen

Os Reisebyrå har hatt to travle veker i regnet, men berre éin del av ferien er lett å finna ledig reise til.

Så ville alle til Syden igjen
Annlaug Askeland (i bakgrunnen) og Britt Halhjem fortel om to veker med «panikk-sal» av sydenreiser. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juli 2016 07:45

– Det er folk som har hatt planar om å vera heime eller på hytta som no har fått det travelt med å sikra seg sol og varme, fortel Britt Halhjem.

Sånn var det i fjor òg, då draumevêret frå 2014 ikkje kom tilbake.

– Det var travelt frå før

Mens det er ferieavvikling også på reisebyrået, og nok å gjera på med å førebu gruppereisene i august, september og oktober.

– No er det tid for innbetaling av depositum, og då er det ofte justeringar i bestillingane. Samtidig ramlar det no inn med kundar desperate etter sommar.

Dermed må Britt og kollegaen Annlaug Askeland legga fototurar til Madagaskar og fjellturar til Inkafjellene til side og prøva å hjelpa dei som har mest hastverk først.

Kor som helst - utanom Tyrkia

Syden-rushet hos reisebyrået i Smiegården starta i førre veke.

– Mange gav opp då det ikkje kom noko som likna på sommarvêr på langtidsvarselet.

– Men det er få ledige turar å oppdriva for dei som bestemmer seg så seint. Til Tyrkia er det mykje ledig, men det er mange som er skeptiske etter terroren og ber oss sjå etter ein annan destinasjon.

I staden har det blitt selt ein og annan restplass til Hellas, nokre turar til Bulgaria og ein del cruisebilletar i Kroatia.

Framleis håp før ferien er over

Er du blant dei som no går og vurderer ein tur til varmare strøk?

Om du har ferie i august har du meir å velja i.

– Den siste veka før skulane byrjar igjen er det faktisk litt ledig, så dei som har sein ferie i år er lettast å hjelpa, seier Britt og Annlaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.