Lokal | 26. mai 2011

Sabotasje i sentrum

Bålbrenning ved rådhuset, fleire tilfelle av ruteknusing, brukarutstyr i barnehage og innbrot i båt i Oselvo.

Sabotasje i sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2011 08:21

Få melding om ferske saker:
Følg Midtsiden.no på Facebook

Torsdag klokka 7 blei innehavar Tove Tvedt Skarstein oppringt med melding om at det har vore hærverk på inngangspartiet på butikken hennar.

– Det blei ein travel og trist start på dagen. Døra mot busshaldeplassen er knust og blomane er kasta ut på gata. Eg var nede og rydda i morgontimane, no er glasmeister i sving, fortel ho.

Kasta palle gjennom vindauge

Hos Jernia Paul M Sælen rett over vegen er det kasta ei palle gjennom vindauget. Hos Engeline har det vore innbrotsforsøk i natt.

Ved inngangspartiet til rådhuset er det nokon som har laga seg eit lite bål i natt.

– Vi er ute på saka no, og vi har både spor og mistenkte i saka, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Hærverk i Industrivegen

Også Bohus i Industrivegen har blitt utsett for hæverk. Klokka 5.15 gjekk alarmen.

Nokre timar seinare fekk politiet melding om ein rusa mann på Meny. Politiet er på jakt etter vedkomande, som kan vera same person som ruteknusaren i Industrivegen.

Innbrot i båt

Ein 28 fot Windy, som har lagt i Oselvo ved kaien der Madammen var, har blitt utsett for innbrot og tjuveri ein av dei siste dagane.

– Det er gjort hærverk i båten og ei Sony maritim cd-spelar er sakna.

Brukarutstyr funnen i barnehage

I Flåten barnehage har det vore folk utanom opningstida.

Tilsette har meldt frå om funn av både knuste flasker og brukarutstyr.

Lause hundar

I tillegg til trøbbel i sentrum har politiet fått melding om lause hundar.

Nokre hundar er observert lause i Hagavik langs Strønevegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.