Sælen-innspeling klar for kino
Sjå smakebitar frå filmen «Her er Harold» som delvis blei spelt inn hos Sælen Møbler på Søfteland her.
I november i fjor blei Sælen Møbler på Søfteland gjort om til filmstudio i samband med innspelinga av «Her er Harold».
Her er Harold er ein fandenivolsk komedie om den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde som reiser til Sverige for å kidnappe IKEA-gründer Ingvar Kamprad etter at "Lunde møbler" går konkurs etter 40 års drift. Årsaka til at det er slutt er at IKEA opnar sitt gigantiske møblesenter i Åsane, vegg i vegg med den lille møbelbutikken til Harold. Harold blir spelt av Bjørn Sundqvist.
– Eg er mektig imponert over Bjørn Sundqvist. Etter å ha sett han på opptak og no i traileren er eg nesten mållaus.
– Det var akkurat som å sjå bestefar min, då han sto på verkstaden.
– Akkurat dei same faktene og haldninga. I tillegg er det jo spesielt å sjå butikken vår på film.
– No gler eg meg stort til premiera, fortel Arild Sælen etter å ha sett traileren til filmen.
Filmen, som er regissert av Gunnar Vikene, baserer seg på Frode Grytten sin roman «Saganatt».
Sjå traileren til «Her er Harold» nedanfor (rettigheiter: SF Film Norge)