Politi | 16. juni 2023
Såg etter dei raskaste
Den nye politibåten var i Øyane i går.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2023 10:02
Torsdag frå 12.30 til 13.30 var politiet på patrulje i Øyane med båt.
– Dei hadde fokus på at førar har høghastigheitsbevis. Det blkei ingen reaksjonar i går, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Vest politidistrikt fekk ny båt i haust. Den nye politibåten er av typen Marell M12, er 13,8 meter lang, har lukka kabin med plass til ti personar.
På hekken står to påhengsmotorar, kvar av dei på 600 hk.
Også UP var på patrulje i Os i går, men på land.
Dei hadde kontroll på Lyseklostervegen i eit kvarter frå 18.45 til 19.
Der skreiv dei ut eitt forenkla forelegg. Vedkomande blei målt til 59 km/t i 50-sona og fekk 3000 kroner i forelegg.