Lokal | 20. okt. 2009

Såg gaupe på Hovland

For nesten to år sidan skreiv vi om ei som møtte gaupe i Nordstrøno. Sundag blei ei gaupe observert i Hagavik.

Såg gaupe på Hovland
Utstappa gaupe. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. okt. 2009 18:53

Guri Bugge blei mobba av venane sine etter at ho sa at ho hadde sett gaupe då ho var på joggetur i Nordstrøno. I februar 2008 skreiv vi om kattedyret ho hadde sett, som var like stor som ein schæfer.

- Vi har få observasjonar av gaupe i Hordaland dei siste åra. Dei fleste observasjonane er frå områda rundt Voss, i indre Hardanger og i Etne, sa Sverre Tveiten, regionsansvarleg for rovvilt hos Direktoratet for Naturforvalting, til Midtsiden.no.

Olav Overvoll ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen meinte at dyret som hadde blitt observert på Strøno kan ha vore eit streifdyr som hadde tatt seg over brua om natta.

Ny gaupe-observasjon
Sundag i 18-tida var ein osing på Hovland og lufta hunden sin. Hovland ligg i Hagavik, ikkje så langt frå Strønebrua. Då såg han eit dyr han først trudde var ein stor katt.

- Men så såg eg at den var om lag like stor som hunden min, som er ein blanding mellom border collie og golden retriever, fortel han.

Han er også sikker på at det ikkje var ein rev.

- For det første var pelsen svært tjukk, for det andre la hunden min etter dyret, og då klatra det opp i eit tre.

På veg til treet, fomlande med mobiltelefonen for å ta bilde, kom hunden han plutseleg imøte.

- Då hoppa gaupa ned frå treet og stakk. Eg fekk dessverre ikkje tatt bilde, men eg var nær nok til å sjå både brunfargen, flekkane og dei karakteristiske bustane ytst på øyra.

Fleire observasjonar
Hundeeigaren fortalte naboen om kva han hadde sett.

- Naboen går på jakt, og han fortalte at han også har sett gaupe i Os. Men det var for ein del år sidan.

Jegaren har ein jaktkamerat frå Samnanger som også har observert gaupe i sitt nærområde, så det er ein del som tyder på at det er gauper både i Hordaland og i Os.

Fakta om gaupe
Gaupe (Lynx lynx) er det einaste viltlevande kattedyret i Skandinavia. Gaupe var vanleg over store delar av den skandinaviske halvøya på 1800-talet. Den var nesten utrydda i Noreg i 1930-åra, men bestanden har auka sidan 1950-tallet.
I 1980 blei ordninga med heilårsjakt og statleg skotpremie avvikla, og i 1992 blei gaupe freda i Sør-Noreg inntil kvotejakt blei innført i 1994.

Les meir om gaupe på dirnat.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.