Politi | 30. apr. 2024

Sakna kvinne kan ha tatt bussen til Os

OPPDATERT: Kvinna er funnen i Nordstrøno.

Sakna kvinne kan ha tatt bussen til Os
Illustrasjonbilde: Midtsiden.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 30. apr. 2024 16:12

OPPDATERT: Vest politidistrikt opplyser klokka 18.33 at ein politipatrulje er i kontakt med den sakna kvinna på Nordstrøno.

– Alt er vel med kvinna, og ho er snart på veg tilbake til instutisjonen.

Ei kvinne i 60-åra blei meldt sakna klokka 12.30 i dag.

Ho skal vera dement og tilhøyrdande Skjold-området, men litt over klokka 18, kom det melding frå politiet at kvinna kan ha tatt bussen til Os.

Politet oppfordrar bebuarar i Bergens-området, spesielt i Bergen sør, om å sjekka hagar, uthus, garasjer eller liknande.

– Kvinna er iført beige trenchcoat, blå dongeribukse og sandaler. Ho er 169 cm høg og har lyst hår, opplyser.

Sakna er i god fysisk form. Siste observasjon av kvinna var cirka 11.50, melding kom til politiet 40 minutt seinare.

Dersom du har tips eller observasjonar kan du kontakta politiet på telefon: 02800 eller 112.

Bildet av vedkommande kan du sjå med å trykka her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.