Kultur | 04. apr. 2014

Saknar du brosteinsballet?

Musikar Steinar Lyssand har gode minne frå tomflaskesamling etter 17. mai då han var ung. No vil han laga fest 16. og 17. mai, men i meir ordna formar.

Saknar du brosteinsballet?
Peppes-sjef Fredrik Schult (t.v.) og musikar Steinar Lyssand vil laga liv på Os på kveldstid helga 16. og 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. apr. 2014 08:16

Nasjonaldagen var for 20-30 år sidan ein stor festdag i Os, også for dei vaksne. «Brosteinsballet» lokka ungdom og eldre til eit Osøyro avsperra for trafikk, med livemusikk frå scene i sentrum og medbrakt drikke hos gjestane.

Ballet blei arrangert i ei årrekkje fra til rundt 1990. Så var det slutt.

– Eg er for ung til å seia noko om korleis festen var, men eg var ofte hos besteforeldra mine på Steinneset på kvelden 17. mai, og fekk med meg at det var mykje liv og kul musikk i sentrum.

– Og morgonen etter var det om å gjera å stå tidleg opp for å vera først på Osøyro for å leita etter tomflasker, fortel musikar Steinar Lyssand.

Marknad for meir fest?

Lyssand seier at han nesten kvar 17. maifeiring seinare høyrer folk snakka om at dei saknar at det er ein god fest for vaksne på nasjonaldagen.

– Etter siste tale på Kyrkjeflaten er det jo heilt stille i sentrum, seier han.

– Men når 17. mai i år landar på ein laurdag passar det jo ekstra godt å arrangera noko, meiner han.

Tomflaskesamling kan nok både han og dagens ungdom gløyma, for festen blir på Peppes.

To dagar med livemusikk

Sjef på Peppes Pizza Os, Fredrik Schult, stadfestar at 17. mai til no har vore ein ganske roleg kveld.

– På dagen er det fullt kjør for oss i restaurantbransjen, men kvelden er heilt vanleg.

Med full helgeklaff, 16. på ein fredag og 17. på ein laurdag – og med Lyssand sine planar for helga, trur han jubileumsåret for grunnlova blir annleis.

– Kurt Røttingen med band speler opp både fredag kveld og laurdag kveld, fortel Steinar.

Kurt har med seg Frode Holmefjord, Erik Rolland og Kjell Arne Haringstad. Håvard Skåtun frå Fusa landar på Flesland 15. mai, etter tur til Nashville, og vil koma innom som gjesteartist.

Rolland og Skåthun er med i Mighty Magnolias, og det er også mogleg at resten av bandet med Emil Nordtveit og Ine Tumyr kjem, og at dei tar nokre låtar.

– Vi har også planar om å by på litt livemusikk 17. mai på dagtid, men det blir utan inngangspengar. Kva artist vi får er ikkje bestemt.

Overskot og utviding

Lyssand og Schult samarbeidde også om romjulsbluesen for nokre månadar sidan.

– Den blei raskt utselt og vi puttar overskotet frå romjulskonserten inn 16. og 17. mai.

I romjula var det kuling og storm i Os, og det å utvida med telt blei ikkje mogleg.

– Vi legg ut billettar til 17. maihelga i neste veke, og om salet blir bra så har vi fleire alternativ når det kjem til å auka kapasiteten, seier Fredrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.