Sakral siger

Os Vocalis vann to prisar i korkonurranse i Bergen i helga.

Os Vocalis i Korskirken på laurdag. (Foto: Norges Korforbund Hordaland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 12. okt. 2020 09:15

Laurdag gjekk korkonkurransen «Syng for oss» av stabelen i Bergen.

Konkurransen vart arrangert av Norges Korforbund Hordaland, og sju kor deltok.

Både Grieghallen og Korskirken vart nytta som konkurranse-arena.

Vann to prisar

Kormedlem i Os Vocalis, Grete Bynes, fortel til Midtsiden at Os Vocalis deltok i både sakral klasse og open klasse.

– Vi var godt nøgde med begge framføringane, og dommarane må ha likt det dei høyrde, for vi vart rangert på topp i sakral klasse.

– I tillegg fekk vi pris for beste repertoar/ program, ein pris som sjølvsagt heng veldig høgt for oss.

Os Vocalis song sin del av konkurransen i Korskirken.

Kjekt - sjølv utan publikum

Bynes fortel at store delar av konkurransen gjekk utan publikum, men at trass i dette fekk det lokale koret ei flott oppleving i Bergen.

– Det har vore ei rar tid å syngja i kor i, med øving på nett, i mindre grupper, og ikkje minst med heile tida fokus på avstand. Her må vi rett og slett takka dirigenten vår, Ørjan Hartveit, som kun ser moglegheiter og legg til rette slik at vi kan ha så gode øvingar som mogleg.

– No var det kjekt å endeleg få syngja «ute» igjen, og det på eit så flott arrangement som «Syng for oss» i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.