– Saman fekk vi dette til
Den nye uteplassen på Kuventræ barneskule vart opna på onsdag.

Bildeserie:
Etter fem månadar med graving, drenering, asfaltering og montering var det endeleg barna sin tur til å ta leikeplassen sin tilbake.
Les òg: Dette har ungane verkeleg fortent.
Ting tek tid
Til å ta den offisielle opninga hadde skulen invitert ordførar Terje Søviknes.
Orføraren var litt bak skjema, så elevane nytta ventetida til å syngja litt.
Då Søviknes dukka opp, med bergenspressa på slep vart han møtt av «Os-songen»
Ein skulle tru det heile var planlagd og regissert på førehand. «Timinga» var i alle høve perfekt.
Søviknes opna med å gratulera alle med dagen. Vidare fortalde han om det gode samarbeidet som ligg bak det nye uteområdet;
– Sjølv dette har teke tid, er det eit prov på kva vi kan få til saman. Her har skulen, FAU og ulike einingar i kommunen verkeleg jobba fram eit godt resultat.
Snorklipping og så 1-2-3-leik!
Søviknes kunne òg fortelja kva det første ein lærer på ordførar-skulen er; nemleg det å klippa snorer.
Saman med sjuandeklassingane og elevrådsrepresentantane Dea Soshi og Gard Thunold Hjelle fekk Søviknes god assistanse til å klippa snora, og med det offisielt opna det nye uteområdet.
Med den sperringa vekke storma elevane inn på plassen og tok området attende.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.