Kultur | 22. feb. 2019

Saman igjen - og klar for Tysnesfest

Alejandro, Askil, Espen og Kurt var i 2009 Tysnesfest si største booking nokosinne. I år kjem kameratane tilbake.

Saman igjen - og klar for Tysnesfest
Fuentes, Holm, Lind og Nilsen er klare for Tysnes igjen, 10 år sidan sist. (Foto: Kilian Munch)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. feb. 2019 08:00

Det som starta med ein stillferdig versjon av Cohens «Halleljujah» på Skavlan i 2006, blei etterfølgt av ein landsdekkende noregsturné, Spellemannpris og tre randsfylte Oslo Spektrum.

I 2009 gjentok dei suksessen med nok ein imponerende turné, der Tysnesfest var eit av stoppa.

– Då me i 2009 booka Lind, Nilsen, Fuentes og Holm var dei utan sidestykke den største festivalbookinga me hadde gjort til då. Det kom 2.400 publikummarar på konserten. og me kjente at no er me faktisk blitt ein stor festival, sa Sigvard Madsen i eit intervju til boka om Tysnesfest i 2016.

– Då me i haust fekk nyss om at gjengen skulle på turnè igjen i år, måtte me berre booka dei!

I fjor haust møttest Espen og Kurt for å spela gitar, synga og mimra litt. Det gav umiddelbart meirsmak. Kjemien og godkjensla vaks raskt, og det som hittil hadde vore unemneleg blei no heilt uungåeleg. To telefonar blei tekne, og hos både Alejandro og Askil var konklusjonen eit rungande og eintydig «Ja!»

Gjengen har sidan då hatt eit utal øvingar, teke opp igjen gamle låtar frå dei førre albuma, og grave i skattkammeret av låtar dei elskar. Summen av dette er blitt ei forrykande feiring av musikken – av norske og internasjonale hits – ei rekke folkekjære og tidlause songar.

Vil festa som i 2009

– Dette kjem til å bli vanvittig gøy både for oss og for publikum. We're gonna party like it's 2009! ler Kurt.

Sjølv om «gutta» no er blitt familiefedre og 10 år eldre, hindrar ikkje det vilja til å dra ut på ein tre månadar lang sommarturné.

– Det blir ei tidsreise i dobbel forstand. Publikumet vårt har også blitt eldre sidan vi sist var på vegen. Denne gangen utvidar vi repertoaret vårt. Fleire låtar, større breidde, større produksjon og endå flere hits, utbryter Espen.

Og til dei som lurer på om «Hallelujah» og «Boys of Summer» framleis er med i repertoaret:

– Ja, sjølvsagt, svarer Askil.

Kameratane skal på scenen på Tysnes torsdag 11. juli, same kveld som Åge & Sambandet og D.D.E.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.