Haavard Skaatun, koret Fonos, Orbo, Gina og Eirik speler i Oeana for å gje hjelp til flyktningar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Haavard Skaatun, koret Fonos, Orbo, Gina og Eirik speler i Oeana for å gje hjelp til flyktningar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Saman for Syria

Orbo lager støttekonsert og har allereie fått med seg fleire artistar.

Kjetil Vasby Bruarøy
17. oktober 2015 - 9:16

Musikar Ole Reinert Berg-Olsen tar initiativ til støttekonsert der fleire artistar stiller opp på dugnad.

– Gina Aspenes, Eirik Søfteland, koret Fonos og Haavard Skaatun er klare og fleire artistnamn kjem, fortel Orbo.

Konserten finn stad i Oseana søndag 8. november.

– Vi tar den tidleg, klokka 17, så ungar kan få vera med.

Amadia får inntektene

Billettane blir lagt ut i dag. Inntektene vil gå til Amadia International.

– Eg valte dei for eg veit at dei reiser ned til flykningleirane og ser at pengane faktisk kjem fram. Det vil òg vera representantar frå Amadia i Oseana under konserten.

Dei som vil kan ta med seg pledd, barneklede eller anna dei vil gje frå seg til flyktningar frå Syria.