Lokal | 26. apr. 2016

«Saman for vekst og utvikling»

Det blir den nye visjonen for Bjørnafjorden kommune om Os, Fusa og Tysnes slår seg saman. Måndag la dei tre forhandlingsutvala nest siste hand på intensjonsavtalen.

«Saman for vekst og utvikling»
Forhandlingsutvala frå Os, Fusa og Tysnes møttest måndag for å jobba vidare med intensjonsavtalen om ei eventuell kommunesamanslåing (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 26. apr. 2016 08:32

Dei tre kommunane har lagt opp til eit stramt tidsskjema i samband med kommunereforma for å nå fristen 1. juli.

Intensjonsavtalen dei tre kommunane skal inngå kjem opp til handsaming i kommunestyret i alle dei tre kommunane 18. mai før den blir lagt ut på høyring blant innbyggjarane. Alle tre kommunane legg opp til ei rådgjevande spørreundersøking blant innbyggjarane. I tillegg har Tysnes ei politisk forståing i kommunen om at saka skal ut på folkerøysting. Nettopp det kan visa seg å bli ei utfordring.

– I følgje dei prosessane og krava som er rundt ei folkerøysting klarar ikkje vi vera klare med ei endeleg avtale før 1. oktober, forklarte ordførar Kåre Martin Kleppe (H) då forhandlingsutvala møttest måndag ettermiddag. Ordføraren ønskjer i tråd med den politiske forståinga ei folkerøysting før kommunestyret fattar sitt endelege vedtak.

Folkerøysting kan velta prosessen

Nettopp det kan velta heile prosessen, om ikkje kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gjev dispensasjon. Knytt til kommunereformprosessen ligg nemleg mykje av incentiva og gulrøtene for kommunane å slå seg saman opp mot ein frist 1. juli 2016. Kjem ein etter fristen risikerer ein å miste mykje av godene.

– Slik eg leser det frå departementet er 1. juli hellig for å halde trøkket oppe. Eg ser det blir ei utfordring i forhold til denne fristen med tanke på krava rundt ei folkerøysting. Det kan vera at departementet kan godkjenna det om ein har ei førebels behandling i kommunestyret 16. juni, men då må det gå ein søknad frå dykk til departementet, kommenterte Os-ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kleppe var samd i at dei måtte sende ein søknad.

– Slik eg har forstått Sanner så er fristen hellig, men at ein kan søka der det er hensiktsmessig. Skal vi følgje prosessen slik vi føler den er rett med folkerøysting, så treng vi den tida for å få gjort det på ein skikkeleg måte. No har jo ikkje sentrale mynde kome med avklaringane omkring inntektssystemet før heilt i det siste, kommenterte Kleppe.

Fusa-ordførar Atle Kvåle (Ap) undra korleis dette kunne påvirka prosessen i hans kommune.

– Eg har stor forståing for Tysnes, for all del, men det er veldig vanskeleg å seie korleis dette vil påvirka prosessen i mi kommune. Det kan bli brukt som eit forstyrrande element om kvifor kan ikkje vi òg venta, ikkje frå vår side, men frå folket. Er det mogleg å få avklart dette før vi møtast igjen 9. mai, undra Kvåle.

– Vi skal jobba med det som første sak i morgon, forsikra Kleppe.

Omfattande avtale

Intensjonsavtalen er eit omfattande dokument kor dei tre kommunane freister å avklara både prinsippielle standpunkt, men òg heilt konkrete punkt.

Til grunn ligg ei rekkje notat utarbeidd av dei tre administrasjonane. Desse går til dømes på barnehage, skule, kulturskule, PPT, barnevern, forebyggande helsetenester, helse- og omsorg, tekniske tenester og miljø, arealbruk, stab, støtte og IKT, kommunikasjon og samferdsel, næring og innovasjon og ikkje minst dei økonomiske aspekta med å slå seg saman eller å stå aleine.

Sjølve intensjonsavtalen omhandlar områder som

  • Nøkkeltal med innbyggjertal, areal og befolkningstettleik
  • Visjonen - Saman for vekst og utvikling
  • Mål innan tenestene, samfunnsutvikling, myndigheitsutøving og demorkatiske arenaer
  • Eit foreløpig namn på den nye kommune, kor det framleis er ope om arbeidstittelen skal vera Bjørnafjorden eller Bjørnefjorden kommune.
  • Kommunesenter og bruk av kommunehus med Osøyro som regionssenter og lokalsentre i Eikelandsosen og i Våge/Uggdal.
  • Kommunevåpen
  • Administrative prossessar rundt ei eventuell samanslåing
  • Kommuneøkonomi, både med tanke på ei samanslått kommune og i overgangsperioden
  • Prinsipp for politisk organisering
  • Prinsipp for tenestetilbodet og kompetanse i organisasjonen
  • Kommunalt eigarskap
  • Kommunikasjonsstrategi for reformprosessen
  • Prosessen vidare og framdriftsplan
  • Samferdsel, vegprosjekt og snøggbåt-prosjekt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.