Kultur | 01. okt. 2019

Samarbeider om stor oktoberfest

Riggar telt til 250 personar: «Danske-Peder» fekk med seg tre aktørar. No blir det to kveldar med øl, heilsteikt gris og ompamusikk på Øyro.

Samarbeider om stor oktoberfest
Jeanett B. Kallekleiv, Peter og Kristin Moesgård, Frank V. Bruarøy frå Havnechefen og Bjarte Andersen frå Catten Nightclub. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. okt. 2019 20:40

Kokken Peter «Danske-Peder» Moesgård gjekk til Os Sentrumsforening med ideen. No går han saman med Havnechefen og Catten om å laga ein fyldig oktoberfest i telt på Osøyro den første helga i november.

– Teltet tar 250 gjestar. Vi reknar med god oppslutning, så vi køyrer festivalen over to dagar, seier leiar i Os Sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv.

Fredag kveld og laurdag kveld blir like, både i meny og musikk. Heilsteikt gris, sauerkraut, grilla småpoteter saus og salatar. På scenen står først eit stor tyrolerorkester, så det lokale popbandet Kivi.

– På ettermiddagen laurdag blir det ølsmaking, men eg jobbar òg med å laga eit program tidlegare på dagen, for dei yngre, sånn at det blir ein festival for heile familien.

– Dette er etterlengta

Peter-Kokk driv no fulltid frå eige selskap, og leiger seg av og til ut til restauranten Havnechefen. Der diskuterte dei ulike idear, då andre aktivitetar, som Torgfesten, har hatt svært god oppslutnad.

– Eg har sjølv vore på fleire oktoberfestar, blant anna i tyske Flensburg. Skal vi laga noko, så må det vera skikkeleg, så vi ville ha med fleire, seier Peter.

På Catten blei initiativet tatt imot med opne armar.

– Kvar haust dei siste åra har vi fått spørsmål om kva vi skal gjera i oktober, om ikkje vi skal laga festival. Eg har ikkje erfaring med denne typen festival, og ville ikkje laga noko halvhjarta.

– No får vi i staden eit skikkeleg opplegg, dette ser eg fram til, seier Bjarte Andersen.

Havnechefen står for maten, Catten for ølet. Festivalen i teltet varer til berre klokka 23, så er det ope for at festen kan halda fram til livemusikk og DJ på utestadane i sentrum.

Premie til beste kostyme

Noko av det Peter liker best med oktoberfestival, er at det er svært sosialt, «alle» går ut når det er oktoberfest i Tyskland og i fleire andre byar.

– Mange kler seg ut, men ikkje alle. Det er likevel nok kostyme i sving til at stemninga blir ekstra god. Det skal jo helst vera allsong på oktoberfest, og folk slepp seg litt meir laus når dei kler seg ut.

– Folk kan kle seg som dei vil, eller kle seg ut, og dei treng ikkje kjøpa kostyme om dei ikkje har. Det går an å laga noko sjølv, eller stilla i bunad, ein morosam dress, eit halloweenkostyme eller ein litt spesiell kjole. Ein jury vil kåra beste kostyme, og premiane er gåvekort på Havnechefen og billettar til «To Vitse Menn» på Baronessen.

Wikipedia om Oktoberfest: Oktoberfest, lokalt også kalt Wiesn, er en stor ølfestival som holdes over 16 dager sist i september og først i oktober hvert år i den tyske byen München i Bayern. Den regnes for å være verdens største folkefest. Den ble arrangert første gang 12. oktober 1810 til ære for ekteskapet mellom Bayerns kronprins Ludwig og prinsesse Therese. I anledningen festen brygges et eget Oktoberfestøl. Det serveres i en type énliterskanner som kalles «Maß», og er alkoholsterkt og smakrikt. Det får bare produseres av lokale bryggerier.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.