Lokal | 20. nov. 2015

Samba bygger 40 meter med ny kai

Aktiviteten på Amundsneset er høg og dei nye eigarane gler seg over løyvet. No er dei på jakt etter 10.000 kubikk med stein.

Samba bygger 40 meter med ny kai
Strandlinja mot butikken i søraust er 60 meter lang. No vil Samba Eiendom utvida 40 av desse metrane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2015 09:58

Bildeserie:

Aktiviteten er høg. Her er H2O2 på veg til avlusing av oppdrettslaks. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Aktiviteten er høg. Her er H2O2 på veg til avlusing av oppdrettslaks. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Samba vil òg bygga nytt bygg, men vegvesenet er opptatt av at det ikkje skal koma for nær brua. (Foto: KVB)
Samba vil òg bygga nytt bygg, men vegvesenet er opptatt av at det ikkje skal koma for nær brua. (Foto: KVB)
I tillegg til kjøpet har Samba fått leiga denne 770 kvm store tomta.  (Foto: KVB)
I tillegg til kjøpet har Samba fått leiga denne 770 kvm store tomta. (Foto: KVB)
Samla strandlinje er no 138 meter. (Foto: KVB)
Samla strandlinje er no 138 meter. (Foto: KVB)
Første del som skal utbetrast er 40 av desse 60 metrane. (Foto: KVB)
Første del som skal utbetrast er 40 av desse 60 metrane. (Foto: KVB)
1 av 5

Torsdag 2. juli vann Samba Eiendom AS bodrunden på Amundsneset, industrikaien på Sundøy som ligg delvis under Lepsøybrua.

Driftsselskapet, Samba AS, har høg aktivitet, og auka omsetnaden frå 14,8 til 25 millionar kroner frå 2013 til 2014.

No gler dei seg over løyvet frå Bergen og omland havnevesen.

– Strandlinja mot søraust er 60 meter lang, tomta vår er cirka 500 kvadratmeter. I dag er berre 10-12 meter brukande til kai.

– Vi vil fylla ut 40 av desse 60 strandsone-metrane, 10 meter ut frå dagens kai, så vi får plass til alle båtane og større areal på kaitomta, seier dagleg leiar Eirik Haugland.

Dei inste 20 metrane blir ikkje fylt ut på same måte, men kan bli utbetra for småbåtar.

– Vi vil ha ei mjuk avrunding inn mot nabotomta og naustet.

Treng mykje stein

Til byggeprosjektet treng Samba Eiendom mykje stein. Den håper dei kan bli kortreist.

– Vi har så vidt byrja å sjekka med lokale utbyggarar. Det er jo fleire store byggeprosjekt i Os, men førebels uvisst kven som vil bli kvitt stein og kor tid den eventuelt kan bli dumpa hos oss.

Både bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal og OHARA inneheld mykje tunneldriving, men Haugland er tidleg i jaktsesongen på 10.000 kubikk og kan førebels ikkje seia kvar steinen skal koma frå.

– Er det nokon som vil bli kvitt stein så er det berre til å ta kontakt.

Fekk førebels nei til industribygg

Arbeidsbåtkameratane vil òg bygga kontor og lager på Amundsneset, og det var dei fleste positive til.

Men så kom vegvesenet og sa nei.

– Dei meinte bygget vi hadde teikna kom for tett på brua, sjølv om det ikkje var teikna høgare enn eit anna bygg her på neset, fortel ein av dei to største Samba-eigarane, Bjørn Anders Brimsholm.

– Årsaka var visst at dette kunne koma i konflikt med ei eventuell framtidig utviding av brua.

Samba vil først utvida kaien, for så å koma tilbake med ny søknad for industribygg.

– Vi treng både kontor og lager til utstyr som må stå innandørs, seier Brimsholm.

– Med utvida kai kan vi plassera bygget på ein annan måte, så vi reknar med at vi får til noko her òg.

Det planlagte bygget har to etasjar og ei grunnflate på 20 x 14 meter.

Sikra leigeavtale på yttarlegare 770 kvadratmeter

Eit anna ledig areal på Amundsneset, som ikkje var del av handelen, er den 770 kvadratmeter store nabotomta, ei kaitomt mot nordaust.

Denne er ikkje ledig lenger.

– Vi har fått ein leigeavtale med Os kommune dei neste 23 åra. Den avtalen er vi veldig glad for.

– Samla sett har vi over 1200 kvadratmeter før utvidinga, og 138 meter strandlinje, seier Haugland.

Les òg: Kjøpte fjernstyrt ubåt

Midtsiden samleside: Næringsliv

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.