MS Samba til kai ved Amundsneset. No har eigedomsselskapet med same namn kjøpt kaien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
MS Samba til kai ved Amundsneset. No har eigedomsselskapet med same namn kjøpt kaien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Samba kjøper Amundsneset

Samba Eiendom AS vann i går bodrunden på den kommunale kaien under Lepsøybrua.

Kjetil Vasby Bruarøy
03. juli 2015 - 13:49

Reieriet Samba AS, som i juni i fjor utvida flåten med sin tredje arbeidsbåt, har i mange år brukt den kommunale kaien på Amundsneset på Sundøy til lasting og lossing av utstyr, materialar og heile betongbilar for oppdrag i skjergarden.

– Vi har rydda, tatt litt vedlikehald og bygd ein rampe. Men no, med tre båtar i sving, treng vi også meir kaiplass, seier Jan Erling Røttingen.

Han eig Samba AS saman med fetteren Bjørn Anders Brimsholm. Også Eirik Haugland har ein aksjepost i reieriet, og er styreleiar i Samba Eiendom AS, som i går vann bodrunden.

– Det blei ein tøff bodrunde og kaien, som nærmast er for ei steinrøys å rekna, blei dyr for oss. Spesielt om vi samanliknar med kai andre har kjøpt frå det offentlege, seier Haugland.

Viktig for framtida

Med 4,2 millionar i overskot var Samba AS i 2013 bland dei 25 selskapa i Os som hadde best resultat.

– Vi har i lengre tid prøvd å få til ein avtale med anten langtidsleige eller kjøp av Amundsneset.

– Det er travle tider og båtane er mykje ute. Men vi treng meir kaiplass og då vi ikkje fekk utvikla kaien vår på Brimsholmen blei Amundsneset endå viktigare for oss.

Vil bygga lager og kontor

Eigedomen Samba i går fekk tilslaget på er kaisida mot butikken, 60 meter strandlinje med kai/steinrøys og totalt oppunder 600 kvadratmeter.

Der vil dei både rusta opp kaien og bygga lager og kontor.

Utvidar med undervannsrobot

I tillegg til nybygget Fox Fighter er Samba i ferd med å utvida med ein ROV (remotely operated vehicle), ein fjernstyrt miniubåt på 350 kilo, med kamera og arm.

– Vi har mykje oppdrag for oppdrettsbransjen og denne ROV-en, som blir klar til drift over ferien, vil gje oss fleire fortrinn, både til inspeksjon og til å utføra enkle oppdrag under vatn.