Næringsliv | 21. des. 2021

Samba Marin har kjøpt nytt flaggskip

– Vår største investering til no.

Samba Marin har kjøpt nytt flaggskip
Volt Processor skal døypast om til Fox Processor når den kjem inn i Samba-flåten. (Foto: Volt Service)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. des. 2021 14:37

Samba Marin AS kjøper servicefartøyet «Volt Processor», og aukar med det kapasiteten innan oppdrettsservice.

– Dette er Samba si største investering til no, seier dagleg leiar Eirik Haugland.

Båten, som skal døypast om til «Fox Processor», er 43 meter lang og 12 meter brei. Den er også berre tre år gamal.

MS «Flekkerøy», som Samba Marin kjøpte for eit år sidan, er 40 meter lang.

Utvider og fornyar flåten

Det er Samba sitt andre nye fartøy i år og tredje i løpet av dei siste 15 månadane. Den seglar inn som åttande båt totalt i flåten.

– Erstattar denne ein annan båt som skal seljast?

– Flåten blir gradvis fornya og utvida, men kva som eventuelt blir selt kor tid er ikkje bestemt.

Avlusing for Lerøy/Sjøtroll

«Volt Processor» er spesialtilpassa for lusbehandling, og har betydeleg høgare kapasitet enn dei andre fartøya i Samba MArin sin flåte.

– Frå før har vi to fartøy med behandlingsutstyr om bord, Fox Challanger med eit SFI-anlegg og Fox Fighter med thermolice.

Volt Processor er utstyrt med eit Optilice 4 XL behandlingssystem om bord. (Foto: Volt Service)
Volt Processor er utstyrt med eit Optilice 4 XL behandlingssystem om bord. (Foto: Volt Service)

– Nye «Fox Processor» skal rett på kontrakt for Lerøy Vest AS/Sjøtroll
Havbruk AS, der den erstattar Fox Fighter, fortel Haugland.

Fox Processor skal dessutan gå på døgndrift.

Alle dei tre avlusingsfartøya blir også tilgjengelege i spot-marknaden.

Om «Fox Processor»

«Fox Processor» har eit Optilice 4 XL behandlingssystem om bord.

Den blei i 2018 levert som nybygg frå det Hollandske verftet DAMEN Shipyard til selskapet VOLT Service AS i Remøy Management Gruppen.

VOLT Service AS har drifta fartøyet i ein treårsperiode, og sel no båten for å kunna fokusera på annan verksemd.

Fartøyet har vist seg å vera svært effektivt smo behandlingsfartøy, dels grunna høg kapasitet, dels grunna høg fart.

«Fox Processor» er utrusta med 3 stk Volvo Penta D16 på 450 KW og ein Volvo Penta D7 på 130 KW.

God miljøprofil

Båten klargjort for innsetting av katalysatorar som saman med det dieselelektriske anlegget, og permanente magnet elmotorar i thrusterane, vil gi fartøyet ein god miljøprofil med låge utslepp og lågt forbruk.

– For Samba Marin, som nyleg er miljøsertifisert iht. ISO 14001, og som har vedtatt grøn profil som del av strategien, er dette av stor betydning.

  • Samba Marin AS auka frå 80 til 115 millionar i omsetnad frå 2017 til 2020. Firmaet har 48 tilsette.
  • Drygt 70 % av verksemda er retta mot havbruk, 20 prosent innan olje og gass og 10 prosent består av ulike service, kai- og transportoppdrag.
  • Selskapet tilbyr dykketenester gjennom ein langsiktig samarbeidsavtale med Techno
    Dive AS.
  • SAMBA MARIN AS er kvalitetssertifisert iht. ISO-9001, miljøsertifisert iht. ISO 14001, og har Achilles- og Global G.A.P. godkjenning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.