Samla inn vel 76.000
BILDER: Gregory Smith-kvelden på Os barneskule torsdag blei svært vellykka. - Totalt samla vi inn 76.197 i løpet av dei to timane, fortel rektor.
Årets Gregory Smith-kveld blei litt spesiell for elevane på Os skule sidan to av dei nyleg var i Brasil for med eigen auger sjå kva og korleis pengane dei kvart år samlar inn til CARF blir nytta.
- Arrangementet starta i år med at VIlde og Håvard viste bileter og fortalde frå turen.
- Eg trur aldri eg har opplevd så mange folk i gymsalen. Det var heilt fullt, fortel rektor Beate Moberg ved Os barneskule.
Økta i gymsalen fekk ei fin avslutning ved at alle dei frammøtte sang "Ein himmel full av stjerner" før dei bevega seg vidare til dei mange postane og salsbodene elevane hadde stelt i stand.
Folk koste seg
På skuleplassen, i klasseromma og rundt i gangane hadde dei forskjellege klassana rigga seg til med kakelotteri, svampekasting, kasting på blikkboks, ansiktsmaling for å nemna noko.
- Eg har inntrykk av at folk koser seg i finvêret, fortalde Moberg då Midtsiden møtte ho omlag halvvegs i programmet.
Gregory Smith-kvelden har blitt ein viktig tradisjon for elevar og tilsette ved Os barneskule. Eit døme på det er frammøte frå alle dei tidlegare elevane som no går på ungdomsskulen eller kom enno lengre i utdanninga si.
- Det er klart vi må få dette med oss, fortalte eit par av dei vi møtte.
Ny rekord
Noko som kan tolkast som ei stadfesting på dette er summen elevane klarte å samla inn i løpet av kvelden.
- Det blei ny innsamlingsrekord.
- Heile 76.197 kroner samla vi inn i løpet av berre to timar, jublar rektor etter at pengane blei levert i banken fredag morgon.
Fjorårets rekord på omlag 65.000 blei dermed solid slegen torsdag.
Kort om Gregory Smith
I 1992 braut Gregory Smith opp frå eit trygt tilvere i Os, selde alt han eigde og drog til Brasil for å arbeida for gateborna.Sidan den gongen er mange born blitt redda.
I 2000 starta han arbeidet i Kolibriredet, eit førebyggjande aktivitetssenter som skal hindra at «children at risk» hamnar på gata. Kolibriprosjektet driv arbeid blant born og unge i faresona i favelaområda i Sao Paulo. Eit område som er svært belasta med fattigdom, rusproblem og kriminalitet.