midtsiden

Samlar seg om akademi

Fire klubbar i Os samlar seg om ny skulefritidsordning for fotballinteresserte.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Dette er noko vi har hatt på ønskje lista i nokre år, men som vi sjølv ikkje har hatt ressursar til å setja i gong. Då er det kjekt med eit slikt iniativ frå storebror Os Turn, seier Bjørn Mjelva frå fotballgruppa i Søfteland Turn og Idrettslag.

Det er nemleg Os-trenar Frank Hellevik som både har tatt initiativ til fotballakademiet, og som skal vera hovudinstruktør.

- Frank er ein enorm ressurs, og vi har sikkert rundt 30 unge spelarar som kjem til å ha glede av å ha han og dei andre i og rundt A-laget til Os som instruktørar det komande året.

Éin dag per krins
Os Turn står for både organisering og instruksjon på fotballakademia som startar 1. februar.

- Dette er eit samarbeid mellom Os Turn og idrettslaga på Nore Neset, Søre Neset og Søfteland, der dei stiller bane og anlegg til disposisjon og vi tar oss av plan, innhald og sjølve treninga, seier Hellevik.

Denne veka skal det gå ut informasjonsskriv til spelarane i dei fire krinsane. Tilbodet skal gjelda fotballspelarar mellom 9 og 15 år, éin dag i veka.

Treninga startar når skulane er ferdige og varar cirka 1,5 time.

Lysekloster driv akademi frå før, og er einaste av dei store idrettslaga som ikkje er med i samarbeidet.

Tettare band
Frank får med seg både assistenttrenar på Os, Tore Nielsen, og fleire frå A-laget til å instruera ungane. Men det er ikkje berre det å løfta kvaliteten på dei unge spelarane i bygda som ligg som motivasjon til å starta fotballfritidsordning.

- Vi ønskjer å kommunisera tettare med klubbane i krinsane. Når ungdomen er moden for større treningsmengder og vil vidare i divisjonssystemet, er det ein fordel om klubbane og trenarane frå før har god dialog, seier Frank.

- Dei mest ambisiøse ser etter nye klubbar med tida, og då er Os eit naturleg førsteval. Med godt samarbeid oss imellom aukar vi sjansen for at ikkje spelaren går for tidleg, eller for seint, til nye utfordringar, meiner Mjelva.

Fleire saker