Kultur | 24. apr. 2019

Samlar skrot, skattar og fine bilar

Laurdag er det tid for årets versjon av Ulvenmarknaden.

Samlar skrot, skattar og fine bilar
Ulvenmarknaden byr på litt av kvart og kva som helst. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. apr. 2019 09:39

Bildeserie:

Veteranbilar i fleng. (Foto: KVB)
Veteranbilar i fleng. (Foto: KVB)
Andre utstillarar set ting på spissen. (Foto: KVB)
Andre utstillarar set ting på spissen. (Foto: KVB)
1 av 2
Veteranbilar i fleng. (Foto: KVB)
Andre utstillarar set ting på spissen. (Foto: KVB)

Os Skysslag inviterer tradisjon tru til gratis utstilling og inngang til marknad hos Os vgs i Kolskogen.

– Utstillarane melder seg ikkje på førehand, så vi veit aldri kven som kjem før dei er her.

– Men vi ventar bra inntog frå fredag ettermiddag og full messeplass frå tidleg laurdag morgon og dei ti timane marknaden varer, seier Gustav Bahus.

Under mottoet «Kom som du er, ta med det du har» kan kva som helst hamna for sal på marknaden. Alt frå antikk og handverk til syklar og bajonettar blir selte i løpet av den store torgdagen.

– Normalt har vi frå 70 til 100 utstillarar. I år har eg fått ein del telefonar frå Haugalandet, så det blir nok mange tilreisande i år òg.

Med eigen finbilparkering blir det òg ein del å sjå på.

– I tillegg til Os Skysslag og Os Amcarklubb kjem tilreisande medlemmar av blant anna Bergen Veteranvognklubb og Automobilhistorisk Forening, fortel Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.