I helga samlast vorstehrar frå heile landet på Os (foto: Andris Hamre)

Samlar vorstehrar frå heile landet

Feirar 40 år med å arrangera landssamling, utstilling og apportkonkurranse.

Av: Andris Hamre

I pinsen blir det eit yrande hundeliv på Os vidaregåande skule når Norsk Vorstehhund klubb samlast til landssamling og feiring av hordalandsgruppa sine 40 år.

– Vi hadde håpa på ei litt større påmelding, men det blir bra uansett. Per i dag er det 38 hundar påmeldt til utstillinga og rundt ti til apportprøven, fortel Mette Eknes, leiar hordalandsgruppa i Norsk Vorstehhund klubb.

Skal henta fugl i vatn

Sjølv om hovudsete blir på og rundt Os vidaregåande skule, så blir nokre av aktivitetane lagt til andre stader i bygda.

– Ein aktivitet som kan vera litt spennande å sjå på for publikum, kor det er litt action, er apportprøven som NVK Buskerud arrangerer med oss som teknisk arrangør.

– Den skal gå føre seg på Tøsdal og er tredelt. Den eine delen er det vi kallar vannapport, kor ein fugl blir kasta på vatnet før vi skyt eit skot i lufta og hundeføraren kan sleppa hunden for å henta den.

– Berre for ordens skuld, om nokon høyrer skot på Tøsdal på laurdag, så er det vi som held på.

– Den andre delen av prøva er apport i på land kor hunden skal finna fugl som er lagt ut i terrenget. Klarer ein begge desse prøvene er siste del å gå eit 200 meter langt spor for å finna fugl. Det er kanskje den mest nervepirrande øvinga for hundføraren, for då står du berre og ventar på at hunden skal koma tilbake til deg med fangsten, forklarer Eknes, som ber publikum som har lyst til å sjå på om å komma til Os vgs i ni-tida laurdag morgon.

– Det hadde vore fint om dei gjorde, slik at dommaren kan fortelje kor ein kan stå for å følgje med og slik at ein ikkje plutseleg står midt i det terrenget kor hundane held på.

Skyting og utstilling

Laurdag inviterer arrangørane også til leirdueskyting på Os Jakt og Fiskelag si bane ved Ulvehiet.

– Det er jo fuglehunder vi driv med, og då er jo jakt og skyting ein naturleg del av det. Det blir skytekonkurranse ved Ulvehiet, kor alle som vil kan vera med. Påmeldinga skjer her ved skulen.

– På skulen blir det også utstilling og festmiddag på søndagen. På utstillinga skal vi vise alle dei tre rasene som er Vorstehrar. Vi har langhåra, som er relativt sjelden, men eit par eksemplar er påmeldt. Dei to andre rasene, strihåra og korthåra, er litt meir vanleg. Her er det berre å komma oppom, anten du har vorstehr sjølv eller berre er hundeinteressert, seier Eknes.

Landssamlinga blir avslutta med festmiddag og feiring av hordalandsgruppa søndag kveld.

Fleire saker