Næringsliv | 14. sep. 2010

Samlast under eitt tak

Fløysand Tak og Fløysand Blikk samlast i Kolskogen. Samstundes legges Elvebakken ut for sal.

Samlast under eitt tak
Andris Hamretirsdag 14. sep. 2010 20:23

Fløysand Tak har kjøpt Industrivegen 63 der mellom anna Maxprint, Macbox og Midtsiden.no held hus.

- Vi har kjøpt bygget for å samle dei to selskapa under same tak, seier dagleg leier i Fløysand Tak AS, Gudmund Fløysand.

- Ei forutsetning for kjøpet har vore at dagens leigetakarar fortsatt blir i bygget. Den eineste endringa er Storum Stilas som lenge har planlagt å flytte til Minde, forklarar Fløysand.

Rustar opp bygget
Det er i lokala som Storum Stilas brukar i dag Fløysand no vil samle verksemdene sine.

- Vi kjem til å ruste opp bygget noko, og også bygge ut litt om vi får lov av kommunen, fotel Fløysand.

Når reknar du med å være herre i eiget hus?

- Eg vil opp her så snart det er praktisk mogleg, men på grunn av løpande leieavtale og at vi skal pusse opp noko reknar eg ikkje med at vi flyttar inn før i løpet av vinteren.

Skryt av Os Næringspark
Verksemda til Fløysand held i dag hus i to forskjellige lokalar. Elvebakken som dei eig sjølv vil han no legge ut for sal.

Fløysand Blikk leiger lokaler i Os Næringspark.

- Eg må få skryte av Aspenesgutta i Næringsparken. Dei har vore heilt fantastiske å forholde seg til og vist stor velvilje sjølv om vi no avsluttar ei langsiktig leieavtale før tida, avsluttar Gudmund Fløysand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.