Kultur | 20. juni 2019

Samstemt songkveld med gutta på kammerset

Os Mannskor og Os kammerkor inviterte til song i Oseana. Det blei ein konsert utanom det vanlege.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juni 2019 10:53

Bildeserie:

1 av 9

Tekst og foto: Lilly Grønvigh

Konsert med to kor i Oseana tysdag 11. juni:

Nesten heile konserten var utseld, med fleire godt vaksne som hadde tatt turen til Oseana for å få med seg to kor, Os Mannskor og Os kammerkor.

Ein sommarleg bukett

Os kammerkor, alle kledde i sommarens fargar, stilte seg opp og opna konserten med nokre av låtane til Henrik Lyssand.

Dirigenten fortalde at fleire av tekstane hans handla om lengsel, håp og uro, alle fortsatt aktuelle tema i dag.

Koret er utruleg samstemte, og det merkast. Deira tolking av gospel er ein fryd for øyra, og dei går òg innom nokre av Edvard Grieg sine verk.

Eit av kveldens høgdepunkt, som har vore omtalt før, er deira synging på spansk. Helga etter konserten reiste kammerkoret til Tarragona i Spania for å syngja i ein katedral, så publikum fekk ein smakebit på kva dei skulle servera.

Gutastemning i den blå skjorta

Så var det vertsskapen sin tur, Os Mannskor, alle kledde i blå skjorter. Men det var ikkje kva som helst skjorte.

Dirigenten ga streng beskjed til publikum om at dette er DEN blå skjorta, den som ikkje må forvekslast med den andre blå skjorta, noko som fekk publikum til å humre litt.

Koret starta sin første del med Monty Python-klassikaren «Always Look On The Bright Side Of Life» frå filmen «Life Of Brian», med den ikoniske plystringa også inkludert. «Kjære Kvinne» av Ola Bremnes fekk publikum til å trekka på smilebandet.

Då dei nærma seg siste låt, kjende eg at gutastemning faktisk kan vera veldig vakkert. Spesielt med eit kor som dette her.

Klassiske godbetar

Os kammerkor var klare for scenen igjen, og begynte med ein klassikar me alle kjenner til:

«Is this the real life? Is this just fantasy?»

Kammerkoret si tolking av rockelegendene Queen sin «Bohemian Rhapsody» var ei utruleg fin oppleving, og fleire fine opplevingar skulle det bli. Med ein av koristene på gitar, song dei òg John Lennon sin «Imagine», ein nydeleg song med ein viktig bodskap.

Ei tidsreise var det òg plass til: koret tok oss tilbake i tid med in samling favorittlåtar frå 60-talet.

Rosa panter og ullundertøy

Etter ein liten pause var mannskoret klare igjen, og denne gongen hadde dei ei overrasking. Godt vaksne menn lista seg ut døra i foajeen, alle kledde i Rosa Panter-kostyme.

Panterane skulle framføra kjenningsmelodien til «The Pink Panther», og igjen runga latteren i salen.

Etter eit kjapt kostymebytte køyrde gutane på med «Rock Around The Clock». Ein tilskodar frå publikum ble beden til dans, og det blei full sving!

Samtidig var det plass for å være seriøs. Det blei sunge The Beach Boys og Leonard Cohen. Sistnemnde var eit av kveldens høgdepunkt, då dei song «Hallelujah» med ein solist.

Mannskoret avslutat kvelden med endå eit stunt: plutseleg sto dei alle der i ullundertøy, til og med dirigenten!

Med dyktige kor og dirigentar, spennande repertoar og morosame påfunn, blei konserten ei oppleving av dei sjeldne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.