Samtykka ikkje i førarkortbeslag
Politiet mistenker bilførar for brot på vikeplikt.

Onsdag var det ein kollisjon mellom ein bil og ein motorsykkel i krysset mellom Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen.
MC-førar blei frakta til Haukeland i luftambulanse, to vaksne og to barn i bilen var uskadde.

– Det var ein lett MC, og MC-førar er ein gut i tenåra, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld.
Skadeomfang er ukjent.
Politiet har tatt midlertidig beslag i førarkortet til bilførar, ein mann i 40-åra.
– Han samtykka ikkje i beslag, fortel Fjeld.
Innleiingsvis var det mistanke om påkøyrsle bakfrå, men politiet mistenker no at bilførar har brote vikeplikta, og at dette var årsak til kollisjonen.
Bilførar har køyrd på Hegglandsdalsvegen retning Hatvikvegen, MC-førar på Hatvikvegen retning Osøyro.
Ulykka i går var den fjerde i Os med personskade på to dagar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.