Heimekampen enda 3-3 (bildet), i dag blei det siger takka vera to mål av Sander F. Kvittingen (t.h.). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sander sikra siger over Fyllingsdalen

To mål av Kvittingen gav full pott til Os på bortebane. – Flotte mål og solid gjennomføring, meiner Brenne.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os spelte i dag borte mot Fyllingsdalen. Os var skuffa etter heimekampen i vår, der dei leiar 2-0, hamna under 2-3 og delte poeng då det sto 3-3 til slutt.

Fyllingsdalen hadde seks sigrar på rad før dei i førre runde tapte for Vard Haugesund, og i dag måtte gje tapt for Os.

Fyllingsdalen - Os 0-2 (0-1)
Os: 
Chris Sunde Midtun - Andreas Støle-Hansen, Alexander Dale, Vegard Strønen Skeie, Anders Havsgård (Espen Haraldseid 90.) - Rune Åsheim Mo, Marius Mikkelsen (K), Steffen Kvamsdal (Rafaeln Villén 78.) - Torgeir Lunde, Sander Kvittingen (Fabian Bødtker 75.) og Mats Cato Moldskred.

– Dette var solid! Ein skikkeleg lagsiger, men begge mål som følgje av sterke enkeltprestasjonar, seier Os-trenar Endre Brenne.

Sander Fagerbakke Kvittingen, som blei matchvinnar borte mot Vard Haugesund i slutten av juli, spelte frå start og skåra begge måla i dag.

– Det var to flotte mål, òg. Det første kom etter ein noko uavklart situasjon, der han tok med seg ballen med brystkassen og sette den oppunder måltaket frå 16 meter.

– Det neste kom etter ein god spurt, forbi forsvaret for å chippa ballen over keeper.

Kvittingen skåra i 35. og 58. minutt.

– Eg er veldig glad på gutane sine vegne, og sigeren synest eg var fortent. Vi hadde god stuktur og bra aggressivitet gjennom kampen. Fyllingsdalen er spelande og flinke, men skapte ikkje like mykje som oss i dag.

Viktige poeng

Før dagens runde låg Os berre 6 poeng over nedrykksplass. Dagens siger var viktig, samtidig avga begge laga rundt streken poeng.

Fjøra spelte uavgjort (mot Vard Haugesund) og Vestfossen tapte for Bergen Nord.

Os speler neste kamp heime mot nettopp Fjøra.

Kampen går laurdag om ei veke, på Barnas Dag, med fri entré for alle. 

Terminliste og tabell

Andre resultat frå 22. runde:
Djerv 1919 - Fana 3-1
Bergen Nord - Vestfossen 3-2
Fjøra - Vard Haugesund 2-2

Fleire saker