Kultur | 07. mars 2019

Sandmo vs Søviknes om «Landligge i Lofoten»

Laurdag blir det samtale om kunsten Os kommune nesten hamna i retten for å overta.

Sandmo vs Søviknes om «Landligge i Lofoten»
«Landligge i Lofoten» av Gunnar Berg i 1888, her då det kom på plass i Griegsamlinga i Oseana i januar 2018. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mars 2019 08:49

Oseana startar serien «Samling», der samtalar og foredrag skal gjera publikum betre kjent med kunstverka i Griegsamlingen.

Første del av den nye serien er førstkomande laurdag. Då blir det samtale mellom Sigurd Sverdrup Sandmo og ordførar Terje Søviknes.

Dei skal ha samtale om Gunnar Berg sitt måleri «Landligge i Lofoten» frå 1888, eit av to verk verdt 2-3 millionar kroner, som Os kommune kjøpte etter forlik med Reksten i 2015.

«Kanefart» av Axel Enders og «Landligge i Lofoten» av Gunnar Berg kom på plass i Griegsamlinga i januar 2018.

Kvifor var samlinga viktig for Os?

Sigurd Sverdrup Sandmo, som er påtroppande sjef for De kongelige samlinger (les meir på kongehuset.no), bur i Os og er til dagleg direktør for komponistheimane Troldhaugen, Lysøen og Siljustøl. Arrangementet er eit samarbeid med KODE Kunstmuseer og komponisthjem.

Sandmo har òg leia samtaleserien KODE 5 på Litteraturhuset i Bergen.

Mange osingar kjenner godt det store og lyssterke biletet av fiskebåtane mellom snødekte fjell. Bildet har i dag ein viktig plass i kunstsamlinga på Oseana, som Søviknes har vore politisk engasjert i frå idéfasen til i dag.

Sandmo lurer på kva slags personlege opplevingar ordføraren sjølv har hatt i møte med kunst, kva han tenkjer om ein landskapsmålar som Gunnar Berg, og kvifor denne historiske kunstsamlinga har vore eit så viktig politisk prosjekt for han.

Kva kan kunsten bety for eit lokalsamfunn som vårt? Er kunsten eit rom bortanfor politikken, eller er kunstutstillinga snarare den beste plassen å snakka om kven vi er og kvar vi skal?

Samtalen går i Griegsamlinga laurdag frå klokka 15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.