Sankthans-sponsor på synfaring
Skal gi mat, drikke og snacks til «halve Os» søndag ettermiddag.
Søndag er det sankthansaftan, og lokalavisene Midtsiden og Os & Fusaposten har tromma saman ei fin samling av bidragsytarar og støttespelarar for å gjera feiringa ekstra kjekk for dei som markerer i Mobergsvikjo.
Då verken kommunen eller Oseana hadde sjanse til å følgja opp tradisjonen med stort bål og fellesgrill, har frivillige krefter og fleire firma vist vilje til å delta.
- Oseana opnar toaletta sine, med inngang rett frå Vikjo
- Prosjekt Livskvalitet bygger bål
- Lions har sponsa 10.000 kroner og stiller med vaktar
- Fana Sparebank har sponsa 10.000 kroner i fondsmidlar, som kan delast ut som premiar (avisene lager konkurranse)
- Jernia Sælen sponsar òg premiar
- Havnechefen låner vekk minst to grillar
- Rema 1000 Kuven stasjon bidrar med gratis hotdog og is til minst dei 500 første.
- Steinar Lyssand er hyra inn til å setja musikalsk stemning
Folk kan naturlegvis koma og gå når dei vil, men det store bålet blir tent klokka 17. Då skal grillane samtidig vera varme.
Nokre av grillane, og ein fryseboks, er dessutan fylt med gratis mat og drikke.
– Dette er midt i vår gate å delta på arrangement, og sankthans er jo noko alle kan delta på, så då ville vi gjera litt ekstra ut av det, seier Trond Hope, kjøpmann på Rema 1000 Kuven stasjon.
Vi tok kontakt for å spørja om fin pris på pølser, men Rema med leverandørar stiller med mykje meir - heilt gratis.
– Vi kjem med eige telt og grill, og deler ut hotdog, hamburger med sliders, brus, is og småboksar og små posar med chips.
– Eg veit ikkje kor mange som kjem, men vi har nok rundt 600 hotdog og like mange hamburgarar med oss, i tillegg til brus, is og snacks.
Rema 1000 Kuven stasjon mettar Mobergsvikjo i samarbeid med Nordfjord Kjøtt, Hansa, Coca Cola, Grans og Isbjørn Is.