Sankthansfeiringa i bilde
Rundt 1000 trassa regnet: Fekk musikk, gå på nysnekra stylter, eta god mat og sjå eit solid bål.
Bildeserie:
Vêrmeldingane var usikre, og vêret blei vekslande, men folk stilte sterkt for å få med seg felles feiring av midtsommarkvelden saman i Mobergsvikjo.
– Det var ein imponerande oppslutnad, synest Berit Steen frå Oseana.
På førehand hadde arbeidslaget i prosjektgruppa «Livskvalitet» bygd eit stort og solid bål, og orkesteret «I siste liten med Bente B. og de» hadde i nest siste liten meldt seg for å spela.
– Vi er veldig takksame for musikken vi fekk, og for Bjørn Moberg sitt sportye og spontane trekkspelbidrag.
Nytt av året var stylter Oseana har bestilt frå Os Asvo.
– Dei blei bestilte på onsdag og blei produserte på to tomar. Styltene var i bruk heile kvelden!
– Det som er gamalt for nokre av oss er nytt for andre, legg Berit til.
Mange blei verande i Vikjo til bålet var brent ned og hyggelege tilbakemeldingar florerte då folk etter eit par-tre timar fann vegen hjem.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.