Kultur | 22. apr. 2022

Sånn blir 17. mai på Oseana

Riggar seg for rekordstort besøk grunnlovsdagen.

F.v.: Veronica S. Halhjem frå Oseana saman med Kristine V. Bøe og Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i kommunen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2022 09:56

I starten på april fortalte kommunen at årets 17. maitog i Os sentrum blir omtrent som i 2019 og åra før - men at Kyrkjeflaten utgår som arena for talar og song.

I staden vil dei halda tradisjonen ved like i Oseana, og senda toget (avmarsj 11.30) via Finnebrekka, ned Hatvikvegen, inn Brugata, via Øyro, ut ved Lundehjørnet og vidare til Oseana med endestasjon på parkeringsplassen.

Det blir, som før, musikk frå Gamle Finnebrekka (oppe ved bustadane nærmast Luranetunet) med Os Musikkforening på morgonen, men klokka 08 i staden for 07, som tidlegare.

Oppmøte er på kunsgraset over nye Giskavollen Parkering, endestasjon er på parkeringsplassen til Oseana.

– Der blir det oversikteleg for foreldre som skal møta ungane sine etter toget, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga i Bjørnafjorden kommune.

Ho møtte i dag på Oseana saman med kollega Kristin Vangsnes Bøe for å fortelja meir om gjennomføringa.

Der var også Veronica Søilen Halhjem frå Oseana og Anne Rita Mjelstad frå Oseana Kafé og Restaurant for å seia litt om kapasitet og servering.

Kan ta imot 1.500 i Oseanasalen

Programmet i Oseana skal bli ganske likt som på Kyrkjeflaten.

  • Opplegget på scenen startar klokka 13.30.
  • Elevar frå Os barneskule stiller i år med tale og song.
  • Ord for dagen er ved ordførar Trine Lindborg (Ap).
  • Tale ved russepresidentane Ida Vaktskjold og Isak John Bruarøy Hamilton.
  • Mighty Magnolias speler ein minikonsert i løpet av den knappe timen det er arrangement frå scenen.

– Vi synest det er naturleg at ordførar held ord for dagen når vi endeleg er tilbake til normalen etter pandemien. Og så synest vi det er stas at Mighty Magnolias ville spela. Vi kjem med detaljert program seinare, når vi har samla alt som har kome inn frå krinsane, seier Kristin.

Oseana fjernar amfiet og rigga scene i motsett ende som vanleg. Så opnar dei den store porten artistar normalt bruker til å køyra inn eigen rigg.

Porten blir entré til «nye Kyrkjeflaten». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Då får vi plass til oppunder 1.500 tilskodarar, fortel Veronica.

Den gamle publikumsrekorden, Hellbillies i 2011 og Aurora i 2016, er 1.100.

Men no skal også området fra den vanlege scenen bak til porten brukast.

Sånn såg det ut då Aurora song for rekordmange 1.100 i Oseana i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det blir sett ut nokre sitjeplassar framme, som har vore vanleg på Kyrkjeflaten, men riggplanen er ikkje heilt ferdig enno.

Sender lyd frå scenen ut på terrassen

Om det blir knapt med plass eller ekstra fint vêr, at nokon vil sitja ute på terrassen utanfor foajeen, får dei likevel med seg lyden frå Oseanasalen.

Terrassen blir også fylt med fleire bord, stolar og benkar enn kva den normalt har. Benkane kjem frå kommunen sitt lager.

Bildeserie:

Har du med deg ein rastlaus 3-åring kan du dessutan gå ned i Vikjo og sleppa energien laus. (Foto: KVB)
Vil du sitja her 17. mai? Då må du vera tidleg ute, for det er ikkje bordbestilling. (Foto: KVB)
I mellomtida får terrassen nytt dekke. Fleire sitjeplassar skal også lånast inn. (Foto: KVB)
Har du med deg ein rastlaus 3-åring kan du dessutan gå ned i Vikjo og sleppa energien laus. (Foto: KVB)
Vil du sitja her 17. mai? Då må du vera tidleg ute, for det er ikkje bordbestilling. (Foto: KVB)
1 av 3
Vil du sitja her 17. mai? Då må du vera tidleg ute, for det er ikkje bordbestilling. (Foto: KVB)
I mellomtida får terrassen nytt dekke. Fleire sitjeplassar skal også lånast inn. (Foto: KVB)
Har du med deg ein rastlaus 3-åring kan du dessutan gå ned i Vikjo og sleppa energien laus. (Foto: KVB)

På terrassen kan du dessutan bli sitjande, i 17-tida kjem Osøren Blues & Jazzensemble, med Marita Moe Sandven, for å spela og synga.

Konserten er i utgangspunktet sett opp innandørs, men det er ikkje umogleg at den, som sankthansaftan i fjor, bli flytta ut.

– Om det er nokre som feirar 17. mai i båt i år, er det jo kjekt om dei kjem inn mot Mobergsneset og kastar anker for å bli ein del av stemninga her ute, seier Veronica.

Auka kapasitet på servering

Anne Rita seier den tradisjonelle 17. maibuffeten blir som før, på ettermiddagen, framleis med bordbestilling, men flytta inn i Griegsamlinga.

Buffeten er også einaste staden det er naudsynt, og mogleg, å bestilla bord denne dagen.

– Restauranten blir for alle, med servering av blant anna rømmegraut.

Griegsamlinga og restauranten under eitt av «dei store Bjørnefjorden-måltida». (Foto: KVB)

– I tillegg vil vi rigga fleire små salsbodar i foajeen, kanskje også utandørs, for sal av varer som is, hotdog og kaffi.

Os kyrkjelyd, som tidlegare har hatt inntekt på tilsvarande sal i samband med arrangementet på Kyrkjeflaten, er invitert inn som arbeidskraft og samabeidspartnar.

– Vi ønskte ikkje at dei skulle tapa inntekt på at arrangementet blei flytta ut her. Vi treng dessutan fleire hender denne dagen, og kyrkja sit også på kunnskap og erfaring vi kan dra nytte av. Eg har jo ikkje peiling på om vi skal kjøpa inn 200 eller 5.000 pølser, seier Anne Rita og ler.

Kan bli permanent

Halhjem seier ho blei glad då kommunen tok kontakt med spørsmål om å køyra programmet i kulturhuset.

Årsakene til at kommunen ville ha ei endring, er fleire.

– Å flytta det til Oseana, der det likevel er jazzkonsert på ettermiddagen, har vore på bordet før. Samtidig er arrangementet på Kyrkjeflaten krevjande, både i pengar og tidsbruk. Når vi allereie har eit kulturhus med utstyr og kompetanse, ville vi prøva å gjere nytte av dette, forklarer Stine.

Ho ser ikkje vekk frå at dette blir ei ordning som held fram i fleire år.

– Vi er glade for at Oseana sa ja, sjølv om servering blir einaste inntektskjelde.

Veronica sa at ho og resten av leiinga ikkje nølte.

– Vi veit ingenting om kva inntekter vi får denne dagen, men alle arrangement treng ikkje gå med overskot. Å samla sambygdingar i huset er alltid eit mål for oss, og kanskje får vi gjestar denne dagen som ikkje har vore her før, som vil koma tilbake.

– Ein livleg dag i Oseana kan vera overskot i seg sjølv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.