Moteshow Amfi 30 år

Sånn har du kanskje sett ordføraren før

... men det er i så fall ei stund sidan.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

(Foto/klipp: Mattias Wold, Vardemedia.no, for Midtsiden)

AMFI Os, som i desse dagar fyller 30 år, hadde i helga fest i Oseana for tilsette i alle bedriftene i senteret.

Denne veka feirer dei saman med kundane, og torsdag kveld var det moteshow - med visse humoristiske tilbakeblikk på tida då det heile starta, det smakfulle 80-talet.

Som konferansier hadde Amfisenteret hyra inn Kathrine Sørland.

Sørland starta karriera si i Prestige Modellbyrå i Stavanger som 15-åring, og i 2002 var ho Noregs kandidat til Miss World, der ho hamna på 4. plass.

Kathrine har òg deltatt i Skal vi danse, vore hovuddommar i den norske versjonen av realityprogrammet Top Model og vertinne i Hallvard Flatlands «Casino» på TVNorge.

Men i dag måtte ho nøya seg med å laga ei viss ramme på eit energisk moteshow, der senterleiar Silje Lygre og ordførar Marie Lunde Bruarøy opna showet og la lista høgt.

Seinare fekk vi blant anna sjå frivillige og spelarar frå Os Fotball på catwalken, gjengen frå Kuventræ tok, som før, utfordringa frå sponsoren på halv volley.

Fleire saker