Sånn varmar Arne opp til VM
Osingen Arne Veim Haugland kasta seg ut frå 11-meteren i Lillesand og tok seg greit til finalen i Sup & Stup.
Bildeserie:
I fjor kom Arne Veim Haugland på 4. plass i VM, i august skal han på nytt prøva å bli verdsmeister i dødsing.
Men før VM i Frognerbadet har han i helga testa formen i Lillesand.
– Sup & Stup går frå ei klippe på 11 meter, så høgda er fin, fortel Arne, som hadde seks kameratar med seg til Sørlandet då han skulle dødsa.
På 4. plass før finalen
Sup (SUP står for Stand Up Padling) & Stup gjekk av stabelen framfor eit stort, flytande publikum laurdag.
Arne presterte godt på dei to kvalifiserande hoppa og låg på 4. plass før finalen.
– Men der missa eg dessverre. Rotasjonen blei ikkje som den skulle vera og eg landa omtrent på beina.
Poenget med dødsing er at det skal sjå ut til å gå skikkeleg gale, som eit nesten-mageplask.
Arne landa på 7. plass, men håper på betre plassering i VM.
– Før VM blir det vidare øving frå 5-meteren i Osbadet, og så skal eg og ein gjeng få testa 10-meteren i Alexander Dale Oen Arena før opning.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.